23.–28. april var eg, Lillian, marknad- og kommunikasjonsansvarleg i Visit FjordKysten og Sunnfjord, på reise i regionen saman med Evgenia, som har ansvar for sosiale medium i Visit Norway. Målet med turen var å vise kor enkelt ein kan reise frå Oslo eller Bergen og vidare ut til FjordKysten og Sunnfjord – alt ved hjelp av kollektivtransport.
Gjennom seks innhaldsrike dagar fekk vi oppleve øyhopping, sykling i levande øysamfunn, fjellturar med spektakulære utsyn og reiser mellom øyane med lokale transportmiddel.
Undervegs publiserte Evgenia både stories og direktesendingar på Visit Norway sine kanalar, slik at følgjarane kunne ta del i opplevingane i sanntid. I tillegg har vi samla mykje flott innhald som vi vil dele framover – både for å inspirere nye reisande og løfte fram den genuine opplevinga vår region byr på.
Vi håpar å kunne invitere Evgenia tilbake ved eit seinare høve, slik at vi kan vise fram endå meir av alt det fantastiske FjordKysten og Sunnfjord har å by på.
Her finn du litt bileter frå turen :)
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/04/mg_4832-1-scaled.jpg25601707Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2025-04-29 12:06:452025-04-29 12:06:45Visit Norway på tur for å skape reiselyst i FjordKysten og Sunnfjord
Lyst til å alltid vere blant dei første som får vite om dei siste oppdateringane, spanande moglegheiter og viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord? Vi har løysinga for deg!
Ved å slå på varslar for Facebook-gruppa vår og abonnere på vår WordPress-side, sikrar du at du aldri går glipp av informasjon som kan vere avgjerande for deg og di verksemd. Det er enkelt og raskt – her er korleis du gjer det:
Finn abonnementsboksen (nederst på sida eller i menyen).
Skriv inn e-postadressa di og klikk på «Abonner».
Du vil no få eit e-postvarsel kvar gong vi publiserer ein ny artikkel.
Ved å følgje desse enkle stega er du sikra å vere oppdatert på alt det spennande som skjer i regionen. Vi deler nyhender, arrangement, tips og mykje meir som kan inspirere og bidra til at du får mest mogleg ut av moglegheitene her.
Gå ikkje glipp av noko – bli med oss på reisa og hald deg informert i dag!
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/01/img_2143.jpg21602160Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2025-01-17 15:45:292025-01-17 15:45:29Ikkje gå glipp av viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord!
Regjeringa har sendt på høyring eit forslag som gir kommunane moglegheit til å innføre eit besøksbidrag for å finansiere fellesgoder i område med høgt turismepress. Forslaget omfattar alt frå hoteller til campingplassar, Airbnb og gjestehamner, og inneber ein frivillig kommunal overnattingsavgift på inntil 5 % av overnattingsprisen. Målet er å sikre betre finansiering av tiltak som stiar, toalett og avfallshandtering, til nytte for både turistar og lokalbefolkninga.
Erfaringar frå andre land viser at besøksbidrag kan gi viktige inntekter som styrkar lokalsamfunn og tilrettelegging for turisme, utan å redusere attraktiviteten til destinasjonen.
Samtidig har forslaget fått kritikk. NHO Reiseliv fryktar at ein overnattingsavgift kan svekke konkurransekrafta til Noreg som reisemål, særleg i møte med tøff internasjonal konkurranse. Andre peiker på at cruiseturistar og villcampere, som også belastar lokale fellesgoder, ikkje er inkludert i ordninga.
Vi treng dine synspunkt! Visit Fjordkysten og Sunnfjord ønsker å samle innspel frå medlemmane våre for å utarbeide eit felles høyringsinnspel som speglar både utfordringar og moglegheiter. Neste veke sender vi ut eit skjema på e-post, der du kan dele dine vurderingar. Dine innspel vil vere verdifulle for å skape ei løysing som balanserer behova til lokalsamfunna og reiselivsnæringa.
Vi oppmodar også til at aktørar sender eigne høyringsinnspel direkte til regjeringa innan fristen 3. januar 2025.
Saman kan vi påverke framtida for eit berekraftig reiseliv i vår region. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.
For meir informasjon om forslaget og høyringsnotatet, kan du lese meir på regjeringa sine sider.
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2024/07/quality-hotell-floro-exterior-scaled.jpg14382560Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2024-11-28 11:14:192024-11-28 11:14:19Høyring: Forslag til lov om besøksbidrag
Takk til alle som deltok på VERTSKOMMUNEN-konferansen!
No kan du finne opptaka frå alle spora tilgjengelege på denne lenka: https://ndbr.vivida.live. Opptaka vil vere opne ut november-månad, så del dei gjerne med andre som kan ha interesse av innhaldet.
For å bidra til vidare utvikling av VERTSKOMMUNEN-konferansen, oppmodar me alle deltakarar om å bruke nokre få minutt på å fylle ut evalueringsskjemaet. Kvar tilbakemelding er viktig!
Vi ønskjer å takke arrangørane og alle som bidrog til å gjere konferansen til ein møteplass der me saman løftar viktige tema for framtidas reiseliv. Dette inspirerer oss til vidare samarbeid for ei berekraftig utvikling av regionen vår – og landet som heilskap!
Er du kommunal planleggjar eller jobbar med arealforvaltning, reiseliv eller samfunnsutvikling? Dette kurset gir deg høve til å styrke kompetansen din innan berekraftig besøksforvaltning og stadutvikling. Gjennom tre intensive samlingar – både fysiske og digitale – får du praktisk innsikt i korleis ein balanserer turisme, natur, lokalsamfunn og verdiskaping.
Med berre 30 plassar og ei unik moglegheit til å lære frå erfarne fagfolk ved NMBU, vil du gå ut av kurset med både djupare forståing og konkrete verktøy for å bidra til levande lokalsamfunn.
Oppstart: 2. april 2025 Studiepoeng: 10 Påmeldingsfrist: 10. februar 2025
Vi er stolte over å kunngjere at Visit FjordKysten og Sunnfjord har oppnådd Miljøfyrtårnsertifisering, eit symbol på vår forplikting til berekraftig praksis og miljøvenleg turisme. Denne milepælen understrekar vår forplikting til å leie an i å fremje berekraftige praksisar i vår region.
Som ein del av denne prosessen har vi lagt til rette for felles miljøsertifiseringskurs for medlemmane våre, og i tillegg til Visit Fjordkysten og Sunnfjord er fire reiselivsaktørar i prosess for å bli Miljøfyrtårnsertifisert. I tillegg jobbar ein annan aktør med å oppnå Green Key-sertifisering.
Miljøfyrtårnsertifiseringa er berre eitt av fleire tiltak på handlingsplanen for prosjektet Merket for Berekraftig Reisemål. Merket for Berekraftig Reisemål er ei nasjonal merkeordning som er designa for å fremje og anerkjenne reisemål som jobbar strategisk og langsiktig for å utvikle seg på ein meir berekraftig måte. Merkeordninga spelar ei viktig rolle i å fremje berekraftig turisme i Noreg og skal sikre at reiselivsnæringa bidreg positivt til bevaring av kulturarv og naturressursar, trivsel i lokalsamfunnet, og lokal økonomisk utvikling.
Prosjektet vert gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge, og alle kommunestyra i dei seks medlemskommunane, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn, Solund og Sunnfjord, har vedteke å støtte seg til handlingsplanen for prosjektet gjennom eit prinsippvedtak.
Overlevering av sertifiseringa for Miljøfyrtårn av ordføraren i Kinn Kommune, Bengt Solheim-Olsen. Det markerer ein viktig milepæl på vegen mot å oppnå Merket for Berekraftig Reisemål
We are proud to announce that Visit Fjordkysten and Sunnfjord have achieved Eco-Lighthouse certification, symbolizing our commitment to sustainable practices and environmentally friendly tourism. This milestone underscores our dedication to leading in promoting sustainable practices in our region. As part of this process, we have facilitated joint environmental certification courses for our members, and in addition to Visit Fjordkysten and Sunnfjord, four other tourism operators are in the process of obtaining Eco-Lighthouse certification. Additionally, another operator is working towards Green Key certification.
Eco-Lighthouse certification is one of several initiatives outlined in the action plan for the Sustainable Destination project. The Sustainable Destination certification is a national accreditation designed to promote and recognize destinations strategically and long-term working towards more sustainable development. The certification plays a crucial role in promoting sustainable tourism in Norway and aims to ensure that the tourism industry contributes positively to local economic development, preservation of natural resources, and community well-being.
The project is implemented with support from Innovation Norway, and all municipal councils in the six member municipalities – Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn, Solund, and Sunnfjord – have adopted principles to support the project’s action plan.
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2024/04/vi-er-miljofyrtarnsertifisert-2-visit-fjordkysten-scaled.png17052560Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2024-04-10 14:10:142024-04-10 14:10:14Vi er Miljøfyrtårnsertifisert
Ved inngangen til det nye året, gler eg meg over at nye sesongar av ‘The Voice’ og ‘Kvar gong vi møtes’ igjen rullar over skjermen. Sjølv om det er sjeldan eg tek meg tid til å setje meg ned framfor TV-en, har desse programma ei unik evne til å fange merksemda mi.
Dei musikalske opplevingane, som gir meg gåsehud og tårer av takksemd, strekkjer seg langt ut over det reint underhaldande. Dei rører ved noko djupare i meg og skapar rom for refleksjon: Kvifor er det ikkje alltid den vakraste songen, dei klåraste stemmene eller dei mest kraftfulle tonane som rører ved meg? Kva er det med musikken som på mange måtar utfordrar det typisk moderne narrative om konkurranse, verdi og suksess? Og ikkje minst, korleis kan vi trekkje lærdom av desse musikalske opplevingane?
Berekraftig reiseliv, lik musikkens reise, handlar om å synge frå hjartet. Ein må synge med den stemma ein har, og det hjelper ikkje å late som. Det er denne autentiske tilnærminga som skapar ei ekte forbinding mellom besøkande og lokalbefolkning. Som notar i reiselivet sin komposisjon har kvar aktør og kvar destinasjon si unike stemme, men saman skaper dei ein harmonisk heilskap.
Mi reise det siste året har gått gjennom Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Sunnfjord, og Kinn – eit landskap prega av kjærleik og omtanke for natur, kultur og menneske. Som Prosjektleiar for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’ i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har eg hatt gleda av å bli kjent med reiselivet og vore vitne til ei næring som er bevisst på si rolle i dei globale utfordringane, som er villig til å tilpasse seg nødvendige endringar, og vere ein aktivt bidragsytar til ei berekraftig framtid. Det er i dette varierte landskapet at symfonien av berekraftige reisemål tek form.
‘Merket for Berekraftig Reisemål’ fungerar som dirigenten i vår felles reise. Merket er ei ordning frå Innovasjon Norge som gir struktur og retning for å skape ein symfoni av berekraftige praksisar. Som eit felles språk for destinasjonsleiing og reisemålsstrategi gir merkeordninga oss verktøy og innhald for å harmonisere reiselivet lokalt og nasjonalt.
Destinasjonsselskapa spelar ei sentral rolle i å halde oppe tonen og retninga for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’. Funn i ‘Utredning om destinasjonsselskaper i Norge’ (Epinion og Gyger, 2022) viser at prosessen med merket skapar betre samarbeid mellom ulike aktørar, men det er utfordrande å sikre tilstrekkeleg finansiering til oppfølging og det langsiktige arbeidet med berekraft. Likevel, gjennom samspel og samarbeid mellom alle aktørane, vil ein kunne møte desse utfordringane og halde symfonien av berekraftige reisemål levande. Denne reisa gjenspeglar ikkje berre eit ønske om å vere berekraftig, men òg ei forplikting til å orientere den lokale utviklinga etter den nasjonale reiselivsstrategien. I tillegg forankrar vi berekraftige initiativ i kommunale strategiar og planar, og søkjer å skape ei berekraftig utvikling i tråd med lokale mål.
I nasjonal samanheng sørger ‘Merket for Berekraftig Reisemål’ for at reisa frå Lindesnes til Svalbard ikkje berre blir ei geografisk ferd, men ein symfoni av ansvar, omsorg og ei felles forplikting til å bevare skjønnheita på reisemåla våre – Ein felles melodi for destinasjonar, besøkande og lokalsamfunn.
Dette innlegget er skreve av: Rutt-Lovise Strand, prosjektleiar for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2024/01/microsoftteams-image-13-scaled.jpg17072560Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2024-01-03 14:29:102024-01-03 14:29:10Merket for Berekraftig Reisemål – Ein felles melodi frå Lindesnes til Svalbard
På fredag sendte vi ut nyhetsbrev til turoperatørar, med litt info om nye medlemmar og nye tilbod i destinasjonen. Legg til PDF av nyhetsbrevet her, designet blei ikkje optimalt på PDF og knappar osv er meir tydeleg markert i det ordinære nyhetsbrevet.
Per no ser statistikken for nyhetsbrevet slik ut. Vi jobbar kontinuerlig med å få opp ein større base av turoperatørar som er interessert i destinasjonen vår. Vi legg inn oppdateringar her i slutten av veka, når operatørane har fått betre tid til å sjå igjennom.
Mandag 4. august:
Har du noko du vil at vi skal inkludere i desse nyhetsbreva? Send ein epost til vanja@fjordkysten.no.
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2023/09/skjermbilde-2023-09-04-kl.-14.32.00.png13602292Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2023-09-04 14:10:152023-09-04 14:10:15Nyhetsbrev B2B: Time to experience something new
Vi i Fjordkysten & Sunnfjord ønskjer å satse meir på B2B arbeid, og nærmare arbeid med turoperatørar.
Det er mange ulike fordelar med å jobbe med turoperatørar. Her har du tilgang på eit stort salgsapparat som er ute og sel for deg på dine vegner, og du slepp å vere til stades sjølv ute i markedet og sette deg inn i ulike språk og kulturforskjellar. Du når også ut til ulike kundegrupper og segment avhengig av kva operatørar du vel å jobbe med. Turoperatørane sit på ein massiv markedskunnskap om kva gjesten forventar når han kjem, og kan derfor hjelpe til med tilrettelegging og planlegging ut i fra dette. Dette gjer og at du kan få god innsikt i kva ulike kundar er interessert i, og det kan dermed gjere det enklare å jobbe med produktutvikling for deg som ønskjer å ha eit attraktivt produkt.
Sjå gjerne denne filmen, Siri Tallaksen i Innovasjon Norge forklarar litt meir om kvifor det blir viktigare å jobbe med reisearrangørar.
Kva er det kundane er opptatt av?
Kundane er ute etter at det skal vere lett å planlegge, og gjerne eit skreddarsydd opplegg for deira behov. Dei vil ha unike opplevelsar, og gjerne lengre feriar men med meir innhald. Mindre fotavtrykk er og ein viktig faktor.
Vår rolle
Vi i Fjordkysten & Sunnfjord kjem til å delta på fleire ulike møteplassar med turoperatørar og incoming operatørar, som workshops og B2B-messer. Her sel vi inn medlemmane våre og det vi har å tilby i destinasjonen vår. Vi kjem etter kvert til å ha knytta gode kontaktar i dei markeda som kundane dine befinn seg i, som vil resultere i eit fantastisk nettverk. Et godt samarbeid med medlemmane våre vil gjere det enklare for oss å sette turoperatørane våre i kontakt med dei riktige folka.
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2023/02/oversiktsbilete-av-oya-kinn-foto-visit-fjordkysten.jpg8531280Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2023-02-08 09:19:372023-02-08 09:19:37Kva er fordelane med å jobbe med turoperatørar?