Hjelp oss å gjennomføre gjesteundersøkinga 2025

Visit Fjordkysten og Sunnfjord gjennomfører gjesteundersøking i sommar, og dykkar innsats og engasjement er avgjerande for vår felles suksess – saman kan vi gjere ein forskjell.

Vi treng dykkar hjelp

Oppfordre gjestane til å delta i gjesteundersøkinga slik at vi kan få samla verdifulle tilbakemeldingar som kan brukast til å forbetre tilbodet vårt og sikre ei positiv oppleving for alle besøkande.

Kvifor bør de bidra?

Gjesteundersøkinga bidreg først og fremst med å gi oss viktig informasjon om gjesten si oppleving av reisemålet. Denne informasjonen er avgjerande for vidare utvikling av gode gjesteopplevingar i heile regionen.

Samla sett bidreg felles innsats til å auke synligheita for Fjordkysten og Sunnfjord sin reiselivsprofil, forbedre besøkande sine opplevingar og auke verdiskapinga knytt til reiselivsnæringa.

Gjesteundersøkinga 2024

Visit Fjordkysten og Sunnfjord gjennomførte i 2024 ei gjesteundersøking for å få betre innsikt i opplevingane og behova til dei som besøker regionen. Erfaringane frå denne runden har gitt oss verdifull læring, og vi har justert metodikk og spørsmål for å hente ut meir relevant og handlingsretta informasjon framover.

Du kan lese meir i rapporten her

Reiselivsforum – takk for oppmøte og engasjement!

Vi vil rette ein stor takk til alle som tok del i årets fyrste Reiselivsforum, arrangert i tett samarbeid med kommunane i Fjordkysten og Sunnfjord. Gjennom open dialog og brei deltaking legg vi grunnlaget for ei berekraftig og heilskapleg utvikling av reiselivet i regionen.

Vi inviterte breitt – frå kommunane, næringslivet, frivillige organisasjonar og lokalbefolkninga – for å sikre at alle viktige stemmer blir høyrt og tekne med i utviklingsarbeidet. Denne samskapinga er avgjerande for å bygge fellesskap, forankre kunnskap og få til reell berekraft.

Så langt har vi gjennomført seks gode møter. Med fast agenda har vi lagt til rette for kontinuitet og involvering:

  1. Nytt frå kommunane
  2. Nytt frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord
  3. Kva skjer i sommar? – opent for innspel frå alle aktørane

I tillegg gjennomførte vi ein mini-workshop i besøksforvaltning – ei første innføring i eit viktig verktøy som vil få stadig større tyding i arbeidet vårt framover. Besøksforvaltning handlar om å styre heilskapen i reiselivet, slik at vi tek vare på både livskvalitet, landskap, kultur og kapasitet – og at opplevingar utviklast i takt med både naturens og samfunnets tåleevne. I workshopen gjekk vi gjennom dei fem nøkkelspørsmåla i besøksforvaltning:

  1. Kvifor vil vi ha turisme?
  2. Kva har vi som vi vil dele?
  3. Kvar og når ønskjer vi besøk?
  4. Kven vil vi invitere heim?
  5. Korleis når vi dei riktige besøkande?

Gjennom dette arbeidet utfordrar vi etablerte tankemønster og opnar for nye måtar å forstå og leie utviklinga på. Vi i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har vore aktivt med i det regionale arbeidet i Vestland fylkeskommune, og har tileigna oss ny kompetanse som vi ønskjer å dele og utvikle vidare i samarbeid med dykk.

Reiselivsforum som byggestein i destinasjonsleiinga

Reiselivsforumet er ikkje berre ein møteplass – det er ein aktiv del av utviklinga av reisemåla i Fjordkysten og Sunnfjord. Gjennom jamlege møte, deltaking frå mange aktørar og ein open struktur, bygger vi det som kanskje er den viktigaste føresetnaden for berekraftig reisemålsutvikling: Tillit, forståing og samskaping.

Vi arbeider etter ein modell for destinasjonsleiing som balanserer lokal eigenart med ein felles strategi. Målet er å styrke samhandlinga mellom kommunar, destinasjonsselskap, reiselivsnæring og lokalsamfunn. Vi trur på krafta i å bygge fellesskap på tvers – og på at framtida krev at vi utviklar reiselivet som del av ei større heilskap, med omsyn til både menneske, natur og samfunn.

📌 Les meir om modellen for destinasjonsleiing her

Denne heilskaplege tilnærminga springer ut frå arbeidet med Merket for Berekraftig reisemål, der vi jobbar systematisk for å integrere berekraft i både struktur og praksis. Samstundes bygger vi vidare på den nasjonale retninga i NOU 2023:10 – Leve og oppleve, der reisemålsleiing blir løfta fram som ein nøkkel for å forme framtidas reisemål.

Forankra i ei felles retning

Arbeidet med destinasjonsleiing i Fjordkysten og Sunnfjord er forankra – både i den regionale satsinga og i det lokale eigarskapet:

📍 Ein felles reiselivsstrategi: Vegkart 2025–2030 – Visit Fjordkysten & Sunnfjord
📍 Kommunale planar og strategiar: Forankra lokalt – i kvar kommune sitt arbeid og engasjement for utviklinga

Denne dobbelte forankringa – både regionalt og lokalt – gir retning, legitimitet og kraft i arbeidet vidare.

Vi er stolte av det fellesskapet vi no utviklar i Fjordkysten og Sunnfjord.

Korleis påverkar turismen oss?

Ei ny innbyggarundersøking frå hausten 2024 kartlegg erfaringar og haldningar til turismen i Fjordkysten og Sunnfjord. Resultata viser at turismen stort sett blir sett på som ein positiv ressurs, men avdekker også utfordringar som krev tiltak for å sikre trivsel i lokalsamfunnet og ei berekraftig utvikling av reiselivet.

Hausten 2024 gjennomførte Visit Fjordkysten og Sunnfjord ei innbyggarundersøking for å kartleggje innbyggjarane sine erfaringar og haldningar til turismen i regionen.

Undersøkinga er ein viktig del av arbeidet mot å oppnå og oppretthalde Merket for bærekraftig reisemål, og gir verdifull innsikt i korleis reiselivet påverkar lokalsamfunnet.

Resultata blir analysert for å identifisere områder der det er behov for tiltak for å redusere negativ påverknad av turismen, og for å sikre at regionen kan fortsette å vere ein attraktiv destinasjon for både turistar og innbyggjarar.

Med innsiktene frå innbyggarundersøkinga vil destinasjonsleiinga, i samarbeid med lokale aktørar, sette i gang målretta tiltak som støttar opp om det langsiktige målet om berekraftig reiseliv.

Hovudfunn og utfordringar

  • Besøksforvaltning: Nokre område opplever høgt trykk i høgsesongen. Tiltak sikrar god besøksstyring kan bidra til å redusere negative konsekvensar.
  • Infrastruktur: Behovet for betre tilrettelegging, som sanitæranlegg, parkering og boss-stasjonar, blei spesielt trekt fram i kommentarane.
  • Bevaring av natur: Innbyggarar peiker på at det må balanserast mellom tilrettelegging og vern av sårbare naturområde, og at informasjon om ansvarleg ferdsel må bli styrka.


Samla sett opplevast turismen som ein positiv ressurs for lokalsamfunnet, men det er viktige punktvise utfordringar som må handterast for å sikre berekraftig utvikling. Med strategisk planlegging og samarbeid mellom innbyggarar, næringsliv og kommune kan regionen både styrke turismen og sikre trivselen i lokalsamfunnet.

Hjelp oss å gjennomføre gjesteundersøkinga i sommar

Visit Fjordkysten og Sunnfjord gjennomfører gjesteundersøking i sommar, og dykkar innsats og engasjement er avgjerande for vår felles suksess – saman kan vi gjere ein forskjell.

Vi treng dykkar hjelp

Oppfordre gjestane til å delta i gjesteundersøkinga slik at vi kan få samla verdifulle tilbakemeldingar som kan brukast til å forbetre tilbodet vårt og sikre ei positiv oppleving for alle besøkande.

Kvifor bør de bidra?

Gjesteundersøkinga bidreg først og fremst med å gi oss viktig informasjon om gjesten si oppleving av reisemålet. Denne informasjonen er avgjerande for vidare utvikling av gode gjesteopplevingar i heile regionen.

Samla sett bidreg felles innsats til å auke synligheita for Fjordkysten og Sunnfjord sin reiselivsprofil, forbedre besøkande sine opplevingar og auke verdiskapinga knytt til reiselivsnæringa.

Felles satsing mot eit meir berekraftig reisemål

For å innfri indikatorane i Standard for Berekraftig reisemål, blir det forventa at destinasjonsleiinga gjennomfører gjesteundersøkingar i viktige kundesegment minst kvart tredje år.

Bli med å forme framtida for reiselivet i Fjordkysten og Sunnfjord

Visit Fjordkysten og Sunnfjord inviterer innbyggarane til å delta i ei viktig undersøking for å bidra til å forme framtida for reiselivet i vår region.

Denne undersøkinga er ein moglegheit for innbyggarane i Fjordkysten og Sunnfjord til å dele sine meiningar, erfaringar og ønsker angåande turismen i regionen. Vi ønskjer å få innsikt i korleis turismen påverkar lokalsamfunnet, kva som finst av utfordringar eller moglegheiter, og kva som kan gjerast for å utvikle reiselivet på ein berekraftig måte.

Alle som deltek i innbyggarundersøkinga er med i trekninga av to billettar til Øyhopping med postbåten – Solund, Bulandet, Værlandet. Postbåten «Stjernsund» startar turen frå Hardbakke i Solund. Om sommaren, mellom midten av juni til midten av august vert den ordinære postruta forlenga mellom Hardbakke og Bulandet slik at du kan øyhoppe mellom øyane i vest. Retur frå Bulandet til Hardbakke er ikkje inkludert i premien. Les meir om turen på Fjord Norge: Øyhopping med postbåten – Solund, Bulandet, Værlandet – Fjord Norway.

Innbyggarundersøkinga er eit ledd i Visit Fjordkysten og Sunnfjord sitt arbeid for å kvalifisere seg for Merket for Berekraftig Reisemål. Dette kvalitetsmerket er eit viktig mål for destinasjonen og forpliktar reisemålet til å ta vare på natur, kultur og miljø, styrke sosiale verdiar og vere økonomisk levedyktig. Arbeidet med merkeordninga blir gjennomført med støtte frå Innovasjon Norge, som er ein viktig partner i vår satsing på berekraftig reiseliv.

Vi oppmodar alle innbyggarar i Fjordkysten og Sunnfjord til å delta i undersøkinga og dele sine synspunkt og erfaringar. Ditt engasjement og dine erfaringar er heilt avgjerande for å skape eit levande og berekraftig reisemål for både fastbuande og besøkjande. Saman kan vi forme framtida for reiselivet i regionen!

Det vil ta omtrent 3 minuttar å svare på undersøkinga.

For meir informasjon, ver vennleg å kontakte:

Rutt-Lovise Strand

Visit FjordKysten og Sunnfjord

Prosjektleiar

Tlf: +47 466 68 191

E-post: ruttlovise@fjordkysten.no

Merket for Berekraftig Reisemål – Ein felles melodi frå Lindesnes til Svalbard

Ved inngangen til det nye året, gler eg meg over at nye sesongar av ‘The Voice’ og ‘Kvar gong vi møtes’ igjen rullar over skjermen. Sjølv om det er sjeldan eg tek meg tid til å setje meg ned framfor TV-en, har desse programma ei unik evne til å fange merksemda mi.

Dei musikalske opplevingane, som gir meg gåsehud og tårer av takksemd, strekkjer seg langt ut over det reint underhaldande. Dei rører ved noko djupare i meg og skapar rom for refleksjon: Kvifor er det ikkje alltid den vakraste songen, dei klåraste stemmene eller dei mest kraftfulle tonane som rører ved meg? Kva er det med musikken som på mange måtar utfordrar det typisk moderne narrative om konkurranse, verdi og suksess? Og ikkje minst, korleis kan vi trekkje lærdom av desse musikalske opplevingane?

Berekraftig reiseliv, lik musikkens reise, handlar om å synge frå hjartet. Ein må synge med den stemma ein har, og det hjelper ikkje å late som. Det er denne autentiske tilnærminga som skapar ei ekte forbinding mellom besøkande og lokalbefolkning. Som notar i reiselivet sin komposisjon har kvar aktør og kvar destinasjon si unike stemme, men saman skaper dei ein harmonisk heilskap.

Mi reise det siste året har gått gjennom Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Sunnfjord, og Kinn – eit landskap prega av kjærleik og omtanke for natur, kultur og menneske. Som Prosjektleiar for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’ i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har eg hatt gleda av å bli kjent med reiselivet og vore vitne til ei næring som er bevisst på si rolle i dei globale utfordringane, som er villig til å tilpasse seg nødvendige endringar, og vere ein aktivt bidragsytar til ei berekraftig framtid. Det er i dette varierte landskapet at symfonien av berekraftige reisemål tek form.

‘Merket for Berekraftig Reisemål’ fungerar som dirigenten i vår felles reise. Merket er ei ordning frå Innovasjon Norge som gir struktur og retning for å skape ein symfoni av berekraftige praksisar. Som eit felles språk for destinasjonsleiing og reisemålsstrategi gir merkeordninga oss verktøy og innhald for å harmonisere reiselivet lokalt og nasjonalt.

Destinasjonsselskapa spelar ei sentral rolle i å halde oppe tonen og retninga for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’. Funn i ‘Utredning om destinasjonsselskaper i Norge’ (Epinion og Gyger, 2022) viser at prosessen med merket skapar betre samarbeid mellom ulike aktørar, men det er utfordrande å sikre tilstrekkeleg finansiering til oppfølging og det langsiktige arbeidet med berekraft. Likevel, gjennom samspel og samarbeid mellom alle aktørane, vil ein kunne møte desse utfordringane og halde symfonien av berekraftige reisemål levande. Denne reisa gjenspeglar ikkje berre eit ønske om å vere berekraftig, men òg ei forplikting til å orientere den lokale utviklinga etter den nasjonale reiselivsstrategien. I tillegg forankrar vi berekraftige initiativ i kommunale strategiar og planar, og søkjer å skape ei berekraftig utvikling i tråd med lokale mål.

I nasjonal samanheng sørger ‘Merket for Berekraftig Reisemål’ for at reisa frå Lindesnes til Svalbard ikkje berre blir ei geografisk ferd, men ein symfoni av ansvar, omsorg og ei felles forplikting til å bevare skjønnheita på reisemåla våre – Ein felles melodi for destinasjonar, besøkande og lokalsamfunn.

Dette innlegget er skreve av:
Rutt-Lovise Strand, prosjektleiar for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’