Ansvarleg kommunikasjon i reiselivet er viktigare enn nokon gong. Korleis kommunisere slik at ein aukar lokal verdiskaping per gjest, bidreg til ansvarleg ferdsel og styrker lokalsamfunna?
Reisemåla i NDBR har i samarbeid med Innovasjon Norge utvikla KommunikasjonsLøftet – ei felles retning for korleis vi kommuniserer norske reisemål og bygger merkevara Noreg.
Visit Fjordkysten og Sunnfjord har signert KommunikasjonsLøftet, og forpliktar seg til å bidra til ei meir ansvarleg, inkluderande og berekraftig kommunikasjon i reiselivet.
Program
10:00–10:10 Korleis vera ein del av løysinga, og ikkje problemet? Aase Marthe Horrigmo, direktør for reiseliv, Innovasjon Norge
10:10–10:20 Pass på at berekraft ikkje berre skjer i kommunikasjonsavdelinga Audun Pettersen, avdelingsleiar for reiselivsutvikling, Innovasjon Norge
10:20–10:30 KommunikasjonsLøftet: Eit felles løfte og løft – eit arbeid i stadig utvikling Anita Svendheim, prosjektleiar for NDBR
10:30–10:45 Ansvarleg marknadsføring i praksis Eirik Berge, CCO, Visit Bergen & Moa Maria Kero, ansvarleg utvikling og samfunnskontakt, Visit Svalbard
10:45–10:55 Korleis bruke KommunikasjonsLøftet i ditt arbeid på web Christine Baglo, Editor in Chief, Visit Norway
Kven er webinaret for?
Kommuniserer du norske reisemål gjennom jobben din? Då er dette relevant for deg – enten du jobbar i eit destinasjonsselskap, ei bedrift eller som ein annan aktør innan reiselivet.
Webinaret er gratis, og alle medlemmar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har fått tilsendt lenke til påmelding på e-post. Har du ikkje motteke lenka? Ta kontakt med Rutt-Lovise Strand på: 📧 ruttlovise@fjordkysten.no
Tidlegare i mars fekk medlemer i Visit FjordKysten og Sunnfjord invitasjon til eit eksklusivt digitalt seminar om campingturisme – arrangert i samarbeid med Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemål (NDBR). Del 1 vart gjennomført i dag, og her fekk vi med oss innsikt som er særs relevant for både bedrifter og destinasjonsarbeid:
🔹 Utanlandske campinggjester i sterk vekst: Heile 4 av 10 utanlandske turistar kjem med ferge – dei fleste frå Nederland, Tyskland, Danmark og Belgia. Dei reiser med bil eller bubil og har i snitt 17,4 overnattingar! 🔹 Dei søkjer stillheit, natur og gode opplevingar – og er opptekne av berekraft. 27 % undersøker miljøaspekt i forkant av reisa si. Les meir om turistundersøkelsen for sommaren 2024 her 🔹 Turoperatørsamarbeid gir gevinst: Fleire kundar, betre forutsigbarheit og tilgang til nye marknader – utan store investeringar i eiga marknadsføring. 🔹 Google løftar reiseliv: Nye plattformer som travel.google og Google Reviews vert stadig viktigare for synlegheit og tillit. Å vere aktiv, svare på vurderingar og dele gode omtaler, kan vere avgjerande for å bli funne og valgt. 🔹 Kvifor medlemskap betyr noko: Destinasjonsselskapa si rolle vert stadig viktigare. Ved å stå samla som næring, kan vi løfte campingsegmentet og reiselivet i regionen i fellesskap.
🗓 Neste veke kjem del 2 – kun for medlemer! Alle medlemer har fått invitasjon på e-post. Har du ikkje meldt deg på endå? Det er framleis mogleg å sikre seg plass.
💡 Ikkje medlem endå? Ta kontakt med oss i dag for å bli ein del av fellesskapet 👉 Kontakt oss
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/03/dji_0895-1-scaled.jpg14382560Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2025-03-25 11:31:202025-03-25 11:31:20🎯 Campingnæringa i vekst – dette må du få med deg!
Campingnæringa er ein viktig del av reiselivet vårt, men stadig fleire campingturistar overnattar utanfor etablerte campingplassar.
Turistundersøkinga 2024 viser at over ein tredjedel av campingturistane i regionen bur i bubil eller telt utanfor campingplassar og brukar om lag 1000 kroner mindre per døgn enn gjennomsnittsturisten frå utlandet. Dette gir lågare inntekter for campingplassane og mindre verdiskaping for lokalt næringsliv.
Korleis kan vi sikre at campingplassane blir meir synlege, lettare å booke og meir attraktive for gjestene?
For å møte desse utfordringane inviterer Visit Fjordkysten og Sunnfjord, i samarbeid med NDBR, til to kurs med konkrete verktøy og strategiar for auka synlegheit og lønnsam drift.
Medlemmar har fått e-post med informasjon om kursa og påmelding. Har du ikkje mottatt den, ta kontakt.
Kurs 1: Bli synleg på nett
📅 Tidspunkt: Tysdag 25. mars kl. 10:00–11:00 (via Teams)
Kurs 2: Frå synlegheit til sal
📅 Tidspunkt: Tysdag 1. april kl. 10:00–11:00 (via Teams)
Kven kan delta?
Desse kursa er for medlemmar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord. Har du ikkje mottatt e-posten med påmeldingsinformasjon?
Ta kontakt, så sender vi den til deg.
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/03/yndestad-gard_8-1-scaled.jpg17052560Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2025-03-11 08:35:292025-03-11 08:35:29Invitasjon til seminar: Bli synleg og sel meir!
Lyst til å alltid vere blant dei første som får vite om dei siste oppdateringane, spanande moglegheiter og viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord? Vi har løysinga for deg!
Ved å slå på varslar for Facebook-gruppa vår og abonnere på vår WordPress-side, sikrar du at du aldri går glipp av informasjon som kan vere avgjerande for deg og di verksemd. Det er enkelt og raskt – her er korleis du gjer det:
Finn abonnementsboksen (nederst på sida eller i menyen).
Skriv inn e-postadressa di og klikk på «Abonner».
Du vil no få eit e-postvarsel kvar gong vi publiserer ein ny artikkel.
Ved å følgje desse enkle stega er du sikra å vere oppdatert på alt det spennande som skjer i regionen. Vi deler nyhender, arrangement, tips og mykje meir som kan inspirere og bidra til at du får mest mogleg ut av moglegheitene her.
Gå ikkje glipp av noko – bli med oss på reisa og hald deg informert i dag!
https://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/01/img_2143.jpg21602160Vanja Birkelidhttps://visitfjordkysten.no/wp-content/uploads/2025/09/FKS_MORK_POS_H.pngVanja Birkelid2025-01-17 15:45:292025-01-17 15:45:29Ikkje gå glipp av viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord!
Måndag 1. desember fekk Visit FjordKysten og Sunnfjord saman med tilsette hos Måløyraidsenteret innføring i dei viktigaste stega innan førstehjelp. Kurset vart gjennomført av Røde Kors Florø.
Det som kjenneteiknar dei aller fleste førstehjelpssituasjonar, er at dei skjer brått og uventa. Difor bør alle ha grunnleggande kunnskap om den viktigaste førstehjelpa. Under førstehjelpskurset fekk vi grunnleggande kunnskap og ferdigheiter for å kunne handtere akutte situsjonar. Kurset tok for seg vurdering av skadestad, livreddande førstehjelp som hjarte-lungeredning (HLR), behandling av skadar som blødningar, brannskadar og brot, samt handtering av medvitlause personar. Det vart også lagt vekt på kor viktig det er å kontakte naudetatane raskt og gje presise opplysningar.
Gjennom praktiske øvingar og realistiske scenario sikra vi også ei god forståing av førstehjelpsprosedyrar slik at vi er betre rusta til å handle trygt og effektivt om vi skal komme i ein nødssituasjon.
Stor takk til Røde Kors Florø og Brit Helga Tødenes som leia oss trygt gjennom kurset :)
Takk til alle som deltok på VERTSKOMMUNEN-konferansen!
No kan du finne opptaka frå alle spora tilgjengelege på denne lenka: https://ndbr.vivida.live. Opptaka vil vere opne ut november-månad, så del dei gjerne med andre som kan ha interesse av innhaldet.
For å bidra til vidare utvikling av VERTSKOMMUNEN-konferansen, oppmodar me alle deltakarar om å bruke nokre få minutt på å fylle ut evalueringsskjemaet. Kvar tilbakemelding er viktig!
Vi ønskjer å takke arrangørane og alle som bidrog til å gjere konferansen til ein møteplass der me saman løftar viktige tema for framtidas reiseliv. Dette inspirerer oss til vidare samarbeid for ei berekraftig utvikling av regionen vår – og landet som heilskap!
Er du kommunal planleggjar eller jobbar med arealforvaltning, reiseliv eller samfunnsutvikling? Dette kurset gir deg høve til å styrke kompetansen din innan berekraftig besøksforvaltning og stadutvikling. Gjennom tre intensive samlingar – både fysiske og digitale – får du praktisk innsikt i korleis ein balanserer turisme, natur, lokalsamfunn og verdiskaping.
Med berre 30 plassar og ei unik moglegheit til å lære frå erfarne fagfolk ved NMBU, vil du gå ut av kurset med både djupare forståing og konkrete verktøy for å bidra til levande lokalsamfunn.
Oppstart: 2. april 2025 Studiepoeng: 10 Påmeldingsfrist: 10. februar 2025
Over førti reisemål frå Svalbard til Lindesnes har samla seg for å løfte og løyse framtidas reiseliv.
Sidan 2013 har reisemål på tvers av landet arbeidd strategisk og heilskapleg med utviklinga av det lokale reiselivet ved å vera kopla opp mot den nasjonale merkeordninga, «Berekraftig Reisemål». Denne ordninga fungerer som eit felles styringsverktøy for alle aktørane som er involverte i utviklinga, og forpliktar reisemåla til å sjå reiselivet i eit samfunnsperspektiv der ein arbeider for å skape gode reisemål for besøkjande, lokalbefolkninga, natur og miljø – i dag og for framtida.
Gjennom arbeidet inn mot Merkeordninga ser me at reisemål over heile landet har gått i gong med nybrotsarbeid for å skape betre og meir heilskaplege løysingar. Likevel ser me at me har mykje å gå på i forhold til tettare erfaringsutveksling og samarbeid rundt utviklinga slik at me løfter det grøne skiftet i reiselivet i fellesskap og finn gode løysingar så e?ektivt som mogleg, fortel Anita Svendheim, prosjektleiar for nettverket.
Ein felles melodi frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør
Etter mange år med tett dialog og samarbeid har 43 reisemål no samla seg for å løfte og løyse felles berekraftsutfordringar i eit nasjonalt bedriftsnettverk, støtta av Innovasjon Norge. Nettverket har fått namnet «Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling» (NDBR), der reisemåla som deltek representerer 137 norske kommunar og ei medlemsmasse beståande av omlag 4500 reiselivsbedrifter.
Skal ein lukkast med utviklinga av eit berekraftig reiseliv må ein ha med alle saman. Dette styrkja samarbeidet har vist oss at me i stor grad står i møte med dei same moglegheitene og utfordringane, anten ein representerer by eller bygd, kystdestinasjon eller fjelldestinasjon, nordlege eller sørlege delar av landet, fortel Svendheim.
Dette er første gong ein ser eit nasjonalt samarbeid på tvers av reisemål over heile landet, knytt opp mot ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa. Her er jobbar ein for tettare erfaringsutveksling, utvikling av felles verktøy og etablering av felles utviklingsprosjekt for å effektivisere berekraftsarbeidet på reisemåla i landet.
Gjennom dette nettverket, kvar me deler erfaringar om felles utfordringar som ansvarleg marknadsføring, reisemålsleiing, vertskapskurs og besøksstyring, kan me jobbe smartare og meir effektivt. Dette er både nyttig og tidsbesparande i vårt daglege arbeid, fortel Inger-Lise Brones, medlem av styringsgruppa til nettverket.
Ei av Noreg sine viktigaste framtidsnæringar
Reiselivet i Noreg er ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar, både som ei av landet sine viktigaste, grøne eksportnæringar og som ei næring som bidreg til å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og stadutvikling over heile landet. I september i fjor blei det også annonsert at reiselivet er den femte næringa som skal inn i regjeringa sin eksportsatsing Hele Norge eksporterer.
Me er glade over at viktigheita av reiselivet i auka grad blir trekt fram og satsa på nasjonalt. Samstundes veit me at reiselivet, som tek utgangspunkt i kvar stad sitt særpreg med sine moglegheiter og avgrensingar, må bli utvikla nedanfrå og opp for å skape ei næring som finn gode løysingar for menneske, natur og miljø. Å styrkje dette leddet av arbeidet meiner me difor er avgjerande for å lukkast med å nå målsetnadane sett for reiselivet, avsluttar Svendheim.
Meir informasjon om Merkeordninga «Berekraftig Reisemål»
Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» er utvikla av Innovasjon Norge, og er eit lokalt styringsverktøy for å arbeide heilskapleg med utviklinga av reisemålet. Ordninga set mellom anna krav til at ei breitt samansett destinasjonsleiing/reisemålsleiing, etablering av ein langsiktig og breitt forankra strategi for utviklinga av reisemålet og ein blir målt på utviklinga innanfor område som bevaring av natur, kultur og miljø, styring av sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit. Ordninga betyr difor ikkje at eit reisemål er «berekraftig», men at ein må vise til betring ved kvar re-merking.
Meir informasjon om Nettverket NDBR
Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling («Nettverket») er eit nasjonalt nettverk for og av reisemål som arbeider strategisk med den berekraftige utviklinga av sin destinasjon ved å knyte seg til den nasjonale merkeordninga «Berekraftig Reisemål» («Merkeordninga»). Nettverket består av 43 destinasjonar, som følgjer: Akershus Reiselivsråd, Visit Bergen, Visit Bodø, Femund-Engerdal, Fjordkysten & Sunnfjord, Visit Fredrikstad & Hvaler, Hallingdal næringshage, Hemsedal, Visit Jotunheimen, Kragerø Næringsforening, Visit Sørlandet, Visit Lillehammer, Visit Lindesnes, Destination Lofoten, Visit Lyngenfjord, Lysefjorden365, MTNU/Visit MidtTelemark, Malung-Salen, Visit Narvik, Nasjonalparkriket, Visit Nesbyen, Visit Nordfjord, Visit NorthWest, Visit Norefjell, Orinor/Visit Kirkenes & Alta, Nordveggen/Visit Rauma, visitRjukan, Visit Senja, Visit Sognefjord, Region Stavanger, Næringshagen i Ryfylke/Visit Suldal, Visit Sunnhordland, Visit Svalbard, Visit Tromsø-regionen, Destinasjon Trysil, Visit Valdres, Vefsna Regionalpark, Vest-Telemark, Visit Vestfold, Visit Øst-Norge, Visit Voss og Åfjord utvikling. Desse reisemåla representerer reiselivet i over 137 kommunar og ei medlemsmasse på omlag 4500 reiselivsbedrifter.
Tysdag 12. november kl. 08:30-11:00 inviterer Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemål (NDBR) til den digitale konferansen «VertsKommunen». Årets tema er «Korleis bygge framtidas reisemål?», og vil handle om korleis vi kan vidareutvikle reiselivet i Noreg på ein berekraftig måte.
Målet med konferansen er å gje inspirasjon og engasjement til å satse vidare på konkrete lokale tiltak for reiselivet. Hovudfokuset i år vil vere:
Korleis etablere og drifte handlekraftige og effektive destinasjonsleiingar
Korleis jobbe heilskapleg med besøksforvaltning
Fordjupingsspor innan fritidsbustadar, tilgjengeleg reiseliv, transport & mobilitet, og cruise
Konferansen er gratis og open for alle, så vi oppmodar dykk til å invitere andre reisemål eller samarbeidspartnarar.
Vi ser fram til ei inspirerande og nyttig samling!
Nettverk for destinasjonsleiing og berekraftig reisemål (NDBR) samlar reisemål i Noreg som har forplikta seg til berekraftig utvikling av reiselivsnæringa gjennom Merkeordninga «Berekraftig Reisemål».