Reiselivsforum – takk for oppmøte og engasjement!

Vi vil rette ein stor takk til alle som tok del i årets fyrste Reiselivsforum, arrangert i tett samarbeid med kommunane i Fjordkysten og Sunnfjord. Gjennom open dialog og brei deltaking legg vi grunnlaget for ei berekraftig og heilskapleg utvikling av reiselivet i regionen.

Vi inviterte breitt – frå kommunane, næringslivet, frivillige organisasjonar og lokalbefolkninga – for å sikre at alle viktige stemmer blir høyrt og tekne med i utviklingsarbeidet. Denne samskapinga er avgjerande for å bygge fellesskap, forankre kunnskap og få til reell berekraft.

Så langt har vi gjennomført seks gode møter. Med fast agenda har vi lagt til rette for kontinuitet og involvering:

  1. Nytt frå kommunane
  2. Nytt frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord
  3. Kva skjer i sommar? – opent for innspel frå alle aktørane

I tillegg gjennomførte vi ein mini-workshop i besøksforvaltning – ei første innføring i eit viktig verktøy som vil få stadig større tyding i arbeidet vårt framover. Besøksforvaltning handlar om å styre heilskapen i reiselivet, slik at vi tek vare på både livskvalitet, landskap, kultur og kapasitet – og at opplevingar utviklast i takt med både naturens og samfunnets tåleevne. I workshopen gjekk vi gjennom dei fem nøkkelspørsmåla i besøksforvaltning:

  1. Kvifor vil vi ha turisme?
  2. Kva har vi som vi vil dele?
  3. Kvar og når ønskjer vi besøk?
  4. Kven vil vi invitere heim?
  5. Korleis når vi dei riktige besøkande?

Gjennom dette arbeidet utfordrar vi etablerte tankemønster og opnar for nye måtar å forstå og leie utviklinga på. Vi i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har vore aktivt med i det regionale arbeidet i Vestland fylkeskommune, og har tileigna oss ny kompetanse som vi ønskjer å dele og utvikle vidare i samarbeid med dykk.

Reiselivsforum som byggestein i destinasjonsleiinga

Reiselivsforumet er ikkje berre ein møteplass – det er ein aktiv del av utviklinga av reisemåla i Fjordkysten og Sunnfjord. Gjennom jamlege møte, deltaking frå mange aktørar og ein open struktur, bygger vi det som kanskje er den viktigaste føresetnaden for berekraftig reisemålsutvikling: Tillit, forståing og samskaping.

Vi arbeider etter ein modell for destinasjonsleiing som balanserer lokal eigenart med ein felles strategi. Målet er å styrke samhandlinga mellom kommunar, destinasjonsselskap, reiselivsnæring og lokalsamfunn. Vi trur på krafta i å bygge fellesskap på tvers – og på at framtida krev at vi utviklar reiselivet som del av ei større heilskap, med omsyn til både menneske, natur og samfunn.

📌 Les meir om modellen for destinasjonsleiing her

Denne heilskaplege tilnærminga springer ut frå arbeidet med Merket for Berekraftig reisemål, der vi jobbar systematisk for å integrere berekraft i både struktur og praksis. Samstundes bygger vi vidare på den nasjonale retninga i NOU 2023:10 – Leve og oppleve, der reisemålsleiing blir løfta fram som ein nøkkel for å forme framtidas reisemål.

Forankra i ei felles retning

Arbeidet med destinasjonsleiing i Fjordkysten og Sunnfjord er forankra – både i den regionale satsinga og i det lokale eigarskapet:

📍 Ein felles reiselivsstrategi: Vegkart 2025–2030 – Visit Fjordkysten & Sunnfjord
📍 Kommunale planar og strategiar: Forankra lokalt – i kvar kommune sitt arbeid og engasjement for utviklinga

Denne dobbelte forankringa – både regionalt og lokalt – gir retning, legitimitet og kraft i arbeidet vidare.

Vi er stolte av det fellesskapet vi no utviklar i Fjordkysten og Sunnfjord.

Campingvettreglar 2025

Felles retningslinjer for ein trygg og god campingsesong

No er dei oppdaterte Campingvettreglane for 2025 klare! Dette er eit felles informasjonsmateriell utvikla i samarbeid mellom NHO Reiseliv, Virke, Visit Norway, Statens vegvesen, NDBR og fleire aktørar i bransjen.

Campingvettreglane gir enkle og tydelege råd til campingturistar om god åtferd, trygg ferdsel og respekt for både natur og medmenneske. Målet er å bidra til gode opplevingar for alle – både gjestar og lokalsamfunn.

📌 Tilgjengelege versjonar:

Den trykte folderen er tilgjengeleg på NHO Reiseliv sine turistkontor.

Vi oppmodar alle reiselivsaktørar i destinasjonen til å dele og løfte fram desse retningslinjene i eigne kanalar – anten det er på nettsida, infoskjermar, i sosiale medium eller direkte i møte med gjestar. Når vi står samla bak ei felles kommunikasjon, når vi lenger – og effekten blir sterkare.

📣 Det vil òg kome meir informasjonsmateriell til bruk i kommunikasjon mot campingturisten – som kan takast i bruk etter behov.

Stadsutvikling først!

Korleis kan besøk styrke, heller enn å svekke, det som gjer ein stad til ein heim? Læring og inspirasjon frå besøksforvaltningssamling i Flåm.

Når vi snakkar om reiseliv, snakkar vi ofte om attraksjonar, tilrettelegging og synleggjering. Men det vi eigentleg snakkar om, eller burde snakke om, er stadane våre. Menneska. Kvardagen. Samlinga i Flåm 29.–30. april, i regi av Vestland fylkeskommune, blei ei kraftfull påminning om at heilskapleg besøksforvaltning startar nettopp der: i bygdene, i dei små vala, og i samarbeidet mellom kommune, næring og lokalsamfunn.

Frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord deltok Marita og Rutt-Lovise, og i vår region er både Fjordkystparken, Sunnfjord kommune, Solund kommune og Hyllestad kommune aktive i prosjektet. Gjennom desse to dagane fekk vi innsikt, inspirasjon og ein god porsjon ettertanke å ta med oss heim.

Erfaringar frå ein stor og ein liten stad

Første dag starta med Aurland kommune, ei etablert reiselivskommune med stor tilstrøyming av gjestar, men òg store utfordringar. Parkering, trafikktrykk, villcamping, bustadproblematikk. Airbnb, som ein gong var ei løysing, skaper no press på bustadmarknaden for fastbuande. Det var eit nyansert og ærleg bilete dei teikna, av korleis noko som er bra for nokre, kan bli ei belasting for andre.

På ettermiddagen tok vi båten til Undredal, der vi møtte representantar frå kommunen og bygda. Dette vesle lokalsamfunnet, kjent for geitost og fjordidyll, har eit sterkt lokalt engasjement og vilje til å vere med i samtalen. Vi vart minna om at ingen kjenner staden betre enn dei som bur der, og at deira stemme må vere styrande i utviklingsarbeidet.

Verdigrunnlag og retning – kven er reiselivet til for?

Onsdag sette vi kursen mot framtida, eller i alle fall i den retninga. Gjennom workshop og gruppearbeid arbeidde vi fram tankar om verdigrunnlag og mål for reiseliv og besøksforvaltning. Samtalen handla om meir enn strategi, den handla om kva slags samfunn vi vil vere med å byggje.

Vi snakka om å ta tilbake styringa, ikkje for å stoppe utvikling, men for å forme den. Forankra i det lokale, og med utgangspunkt i kva slags liv folk ønskjer å leve. Ikkje berre kva opplevingar vi ønskjer at dei besøkande skal få.

Tord Bakke frå 3RW gav eit inspirerande innlegg om korleis ein kan tenke heilskapleg rundt reiseliv og lokalsamfunnsutvikling. Han minte oss på at dette ikkje er to ulike løp, det er eitt og same prosjekt. Skal vi få til gode reisemål, må vi starte med god stadsutvikling.

Læring på tvers – mellom fjordar, kommunar og perspektiv

Det mest verdifulle med slike samlingar er kanskje ikkje det som står i programmet, men det som skjer i mellomromma – i pausene, på båten, rundt middagsbordet. Mellom oss vaks det fram ei felles erkjenning: Vi sit med mange av dei same utfordringane, men møter dei frå ulike ståstader. Og nettopp i det mangfaldet ligg mykje av styrken i dette prosjektet.

Læringa frå Flåm var både konkret og prinsipiell:

  • Bustadproblematikk må inn som ein del av reiselivsplanlegginga. Det hjelper ikkje å skape nye arbeidsplassar viss folk ikkje har ønske om eller råd til å bu i bygda.
  • Tilrettelegging til besvær: Nye parkeringsplassar løyser kanskje eit problem, men kan samtidig forsterke trafikktrykket. Vi må tørre å stille spørsmålet: Kva er det eigentleg vi legg til rette for – og for kven?
  • Lokal forankring er avgjerande. Eit prosjekt kan vere aldri så gjennomtenkt, viss det ikkje opplevast som relevant og rettferdig for dei som bur på staden, vil det få motstand.
  • Stadsutvikling først! Vi må starte med dei som bur i loklsamfunnet, ikkje som motpol til reiselivet, men som fundament. Når lokalsamfunnet har det godt, blir det òg godt å kome på besøk.

Vi tok også med oss ein viktig refleksjon: Dei same menneska kan ha mange roller – grunneigar, næringsdrivande, forelder, deltakar i bygdelag. Når vi jobbar med besøksforvaltning, må vi sjå heile mennesket, ikkje berre sektoren dei representerer i møtet.

Heim att med ny kraft

For oss i Fjordkysten og Sunnfjord var samlinga ei stadfesting av mykje vi allereie har jobba med, men òg eit løft. Eit dytt i retning av å vere endå tydelegare på kva som betyr noko. At god besøksforvaltning ikkje handlar om å seie ja eller nei til reiseliv, men om å stille rett spørsmål, i rett rekkefølge.

Dei fem spørsmåla for god besøksforvaltning:
  1. Kvifor vil vi ha turisme?
    • Kva skal turismen gjere for oss i vår kommune?
    • Kva er formålet med å tilretteleggje for besøkande?
    • Korleis kan turisme vere eit verktøy for å utvikle lokalsamfunnet vi ønskjer oss?
  2. Kva har vi?
    • Kva for lokale ressursar har vi som gjer at folk vil besøkje oss?
    • Kva ønsker lokalbefolkninga å ha for seg sjølve og bør ikkje visast fram?
    • Kven bestemmer kva som skal framhevast?
  3. Kvar og når vil vi ha besøk?
    • Når er det akseptabelt at besøkande kjem, og når ønskjer vi at dei ikkje kjem?
    • Korleis kan vi koordinere besøk med andre næringar og aktivitetar?
  4. Kven vil vi invitere heim?
    • Kven er våre «drøymegjester»?
    • Kven ønskjer vi å tiltrekke oss?
  5. Korleis får vi tak i dei?
    • Korleis kan vi tiltrekke oss dei gjestane vi vil ha på besøk?
    • Korleis marknadsfører vi og kva for kanalar?

Disse spørsmåla er verktøy for å hjelpe lokalsamfunn med å utvikle ein god og bærekraftig besøksforvaltning.

Vi har ikkje alle svara, men vi har kvarandre – og vi har ei felles retning!

Verdas auge retta mot Vestlandet – Fjordkysten Regional- og Geopark er blitt UNESCO Global Geopark

Fjordkysten Regional- og Geopark er no offisielt godkjent som ein UNESCO Global Geopark – ei utmerking som markerer både internasjonal geologisk betydning og ein særs sterk lokal forankring.

Fjordkystparken er Norges første kombinerte Regional- og Geopark, og blir omtalt som ein av dei beste stadene i verda for å studere ei fjellkjedes vekst og fall. Her finn ein tydelege spor etter den kaledonske fjellkjeda, som vart danna for meir enn 400 millioner år sidan.

Fjordkystparken handlar om meir enn geologi. Med meir enn 85 partnarar frå kommunar, næringsliv, frivillige organisasjonar og privatpersonar, er samarbeid eit av dei viktigaste måla. Parken fungere som ein samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og jobbar med tema som bygningsvern, landskap, besøksforvaltning og formidling. Dei har og eit eige barne- og ungdomsprogram.

– UNESCO-statusen stadfestar at vi har geologi i verdsklasse, men vi hadde aldri fått han utan det sterke samarbeidet vi har, seier Trude Søilen, dagleg leiar i Fjordkystparken.

Her ute, heilt vest i Noreg, bur folk som kombinerer tradisjon med innovasjon, driv med mangesysleri og som forstår verdien av samarbeid og tolmod. Parken er eit nedanfrå og opp- initiativ, med fokus på ivaretaking og utvikling av regionen sine natur-og kulturressursar, på lokalbefolkninga sine eigne premissar. Området byr på eit rikt mangfald av opplevingar tufta på både natur og kultur.

– UNESCO statusen er svært verdifull for heile regionen. Den set fokus på ein naturarv i verdsklasse, som motiverer til å ta vare på natur- og kulturarven vår. Ein UNESCO status baner også veg for større synlegheit for alle dei spanande natur- og kulturopplevingane som vi har å by på, seier Marita Solheim – dagleg leiar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Vi gratulerer!!

Merket for Berekraftig reisemål – Fjordkysten og Sunnfjord er godkjent!

Vi er stolte og glade over å ha blitt godkjent for Innovasjon Norge sitt Merket for Berekraftig reisemål! Dette er resultatet av to års målretta arbeid, der medlemmar og medlemskommunar har engasjert seg for å dokumentere, drøfte og finne gode løysingar for betre samhandling og ei meir berekraftig reiselivsutvikling. Tusen takk til alle som har bidrege!

Merket for Berekraftig reisemål er eigd av Innovasjon Norge, som har støtta arbeidet økonomisk i prosjektperioden. Les meir om den nasjonale merkeordninga her: Merket for Berekraftig reisemål

Kva skjer no?

🔹 Oppfølging av Vegkart for reiseliv Fjordkysten og Sunnfjord
Arbeidet held fram! Vi skal implementere reiselivsstrategien og setje i verk konkrete tiltak for ei meir berekraftig utvikling av destinasjonen.

Les Vegkart for reiseliv Fjordkysten og Sunnfjord 2025-2030

🔹 Etablering av lokal reisemålsleiing og reisemålsforum
Vi vidareutviklar reiselivsforumet for å sikre sterk lokal forankring, betre samarbeid og ei felles retning for destinasjonsutviklinga.

🔹 Merket i marknadsføring
I tillegg til destinasjonsselskapet og kommunane vil medlemmar som er miljøsertifiserte kunne å bruke Merket for Berekraftig Reisemål i si eiga marknadsføring. Dette gir ei tydeleg stadfesting av berekraftsarbeidet og styrkar marknadsposisjonen. 

Reisemål som er merka som Barekraftig reisemål får ekstra synligheit på visitnorway.com og gjennom Innovasjon Norges reiselivsaktiviteter i inn- og utland: Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning

Korleis kan di bedrift bidra?

Som reiselivsaktør kan du bidra på fleire måtar:

  1. Bli medlem av Visit Fjordkysten og Sunnfjord: Dette støttar arbeidet med berekraftig utvikling i regionen.
  2. Engasjer deg: Delta på Kick-off, reiselivsforum og svar på undersøkingar og forespørsler.
  3. Jobb med berekraft i eigen bedrift: Auka bevisstheita blant de ansatte, implementer berekraftsmål, eller bli miljøsertifisert.
  4. Gi kundane gode råd: Hjelp gjestene til å ta ansvarlege val før, under og etter besøket.

Invitasjon til seminar: Bli synleg og sel meir!

Campingnæringa er ein viktig del av reiselivet vårt, men stadig fleire campingturistar overnattar utanfor etablerte campingplassar.

Turistundersøkinga 2024 viser at over ein tredjedel av campingturistane i regionen bur i bubil eller telt utanfor campingplassar og brukar om lag 1000 kroner mindre per døgn enn gjennomsnittsturisten frå utlandet. Dette gir lågare inntekter for campingplassane og mindre verdiskaping for lokalt næringsliv.

Korleis kan vi sikre at campingplassane blir meir synlege, lettare å booke og meir attraktive for gjestene?

For å møte desse utfordringane inviterer Visit Fjordkysten og Sunnfjord, i samarbeid med NDBR, til to kurs med konkrete verktøy og strategiar for auka synlegheit og lønnsam drift.

Medlemmar har fått e-post med informasjon om kursa og påmelding. Har du ikkje mottatt den, ta kontakt.

Kurs 1: Bli synleg på nett

📅 Tidspunkt: Tysdag 25. mars kl. 10:00–11:00 (via Teams)

Kurs 2: Frå synlegheit til sal

📅 Tidspunkt: Tysdag 1. april kl. 10:00–11:00 (via Teams)

Kven kan delta?

Desse kursa er for medlemmar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord. Har du ikkje mottatt e-posten med påmeldingsinformasjon?

Ta kontakt, så sender vi den til deg.

Del gode råd med gjestane dine – verktøy for ansvarleg ferdsel

For å sikre gode opplevingar for både gjester og lokalsamfunn, har vi i Visit FjordKysten og Sunnfjord utvikla informasjonsmateriell om korleis ein kan vere ein god gjest når ein besøkjer regionen. Dette inneheld enkle og konkrete råd om ferdsel i naturen, omsyn til lokalsamfunnet og korleis vi kan ta vare på miljøet.

På vår nettside fjordkysten.no finn du fleire ressursar som du kan dele vidare i dine kanalar – enten det er på eigne nettsider, i sosiale medium eller direkte til gjestane dine. Vi oppmodar alle aktørar i reiselivet til å spreie denne informasjonen, slik at vi saman kan bidra til ein berekraftig reiselivsutvikling og gode opplevingar for alle.

Kvar finn du informasjonen?

👉 Reis Betre
👉 Bilete

Vi set stor pris på di hjelp til å spreie bodskapen! Har du spørsmål eller ønskjer tilpassa innhald til din kanal, er det berre å ta kontakt.

Takk for at du er med på å skape gode opplevingar for både gjester og lokalbefolkning!

💥 Norges første og mest digitaliserte destinasjonspresentasjon

I samarbeid med Broadstone har Visit FjordKysten og Sunnfjord laga Norges FØRSTE og mest digitaliserte destinasjonspresentasjon.

Opplev FjordKysten og Sunnfjord på ein heilt ny måte! Med vår digitale destinasjonspresentasjon kan du utforske regionen virtuelt før du reiser – og la deg inspirere av storslått natur, autentiske opplevingar og unike perler langs kysten.

Gjennom innovativ teknologi gir vi deg eit heilskapleg innblikk i kva som ventar, enten du er eventyrlysten, kulturinteressert eller berre lengtar etter ro og naturopplevingar. Ta del i ei ny tid for reiselivsformidling – og planlegg din neste tur med oss!

Klikk deg inn og opplev regionen digitalt før du reiser!