Reiselivsforum – takk for oppmøte og engasjement!

Vi vil rette ein stor takk til alle som tok del i årets fyrste Reiselivsforum, arrangert i tett samarbeid med kommunane i Fjordkysten og Sunnfjord. Gjennom open dialog og brei deltaking legg vi grunnlaget for ei berekraftig og heilskapleg utvikling av reiselivet i regionen.

Vi inviterte breitt – frå kommunane, næringslivet, frivillige organisasjonar og lokalbefolkninga – for å sikre at alle viktige stemmer blir høyrt og tekne med i utviklingsarbeidet. Denne samskapinga er avgjerande for å bygge fellesskap, forankre kunnskap og få til reell berekraft.

Så langt har vi gjennomført seks gode møter. Med fast agenda har vi lagt til rette for kontinuitet og involvering:

  1. Nytt frå kommunane
  2. Nytt frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord
  3. Kva skjer i sommar? – opent for innspel frå alle aktørane

I tillegg gjennomførte vi ein mini-workshop i besøksforvaltning – ei første innføring i eit viktig verktøy som vil få stadig større tyding i arbeidet vårt framover. Besøksforvaltning handlar om å styre heilskapen i reiselivet, slik at vi tek vare på både livskvalitet, landskap, kultur og kapasitet – og at opplevingar utviklast i takt med både naturens og samfunnets tåleevne. I workshopen gjekk vi gjennom dei fem nøkkelspørsmåla i besøksforvaltning:

  1. Kvifor vil vi ha turisme?
  2. Kva har vi som vi vil dele?
  3. Kvar og når ønskjer vi besøk?
  4. Kven vil vi invitere heim?
  5. Korleis når vi dei riktige besøkande?

Gjennom dette arbeidet utfordrar vi etablerte tankemønster og opnar for nye måtar å forstå og leie utviklinga på. Vi i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har vore aktivt med i det regionale arbeidet i Vestland fylkeskommune, og har tileigna oss ny kompetanse som vi ønskjer å dele og utvikle vidare i samarbeid med dykk.

Reiselivsforum som byggestein i destinasjonsleiinga

Reiselivsforumet er ikkje berre ein møteplass – det er ein aktiv del av utviklinga av reisemåla i Fjordkysten og Sunnfjord. Gjennom jamlege møte, deltaking frå mange aktørar og ein open struktur, bygger vi det som kanskje er den viktigaste føresetnaden for berekraftig reisemålsutvikling: Tillit, forståing og samskaping.

Vi arbeider etter ein modell for destinasjonsleiing som balanserer lokal eigenart med ein felles strategi. Målet er å styrke samhandlinga mellom kommunar, destinasjonsselskap, reiselivsnæring og lokalsamfunn. Vi trur på krafta i å bygge fellesskap på tvers – og på at framtida krev at vi utviklar reiselivet som del av ei større heilskap, med omsyn til både menneske, natur og samfunn.

📌 Les meir om modellen for destinasjonsleiing her

Denne heilskaplege tilnærminga springer ut frå arbeidet med Merket for Berekraftig reisemål, der vi jobbar systematisk for å integrere berekraft i både struktur og praksis. Samstundes bygger vi vidare på den nasjonale retninga i NOU 2023:10 – Leve og oppleve, der reisemålsleiing blir løfta fram som ein nøkkel for å forme framtidas reisemål.

Forankra i ei felles retning

Arbeidet med destinasjonsleiing i Fjordkysten og Sunnfjord er forankra – både i den regionale satsinga og i det lokale eigarskapet:

📍 Ein felles reiselivsstrategi: Vegkart 2025–2030 – Visit Fjordkysten & Sunnfjord
📍 Kommunale planar og strategiar: Forankra lokalt – i kvar kommune sitt arbeid og engasjement for utviklinga

Denne dobbelte forankringa – både regionalt og lokalt – gir retning, legitimitet og kraft i arbeidet vidare.

Vi er stolte av det fellesskapet vi no utviklar i Fjordkysten og Sunnfjord.