Samsvar med lovar og reglar
I arbeidet med berekraftig utvikling er det avgjerande å sikre samsvar med relevante lover, forskrifter og standardar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Destinasjonsleiinga i Fjordkysten og Sunnfjord har som mål å leggje til rette for at verksemder i regionen har tilgang til informasjon og ressursar som bidreg til å oppfylle desse krava. Dette er ikkje berre ein juridisk nødvendighet, men også eit viktig grunnlag for å styrkje regionens omdøme som ein berekraftig og ansvarleg destinasjon.
Samtidig er det viktig å understreke at kvar enkelt verksemd sjølv har ansvar for å halde seg oppdatert på dei lover og reglar som til ein kvar tid er gjeldande for deira drift. Dette omfattar både krav knytt til miljø, arbeidsforhold, helse, tryggleik, forbrukarvern og andre relevante område.
Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle lover og reglar som kan vere relevante for verksemder i regionen. Lista er meint som ein rettleiar og ei støtte i arbeidet med å sikre samsvar, men ho er ikkje uttømmande. Det oppmodast difor til regelmessig gjennomgang av eigne rutinar og dialog med relevante myndigheiter eller faginstansar for å sikre at ein er i tråd med gjeldande krav.
