Hjelp oss å gjennomføre gjesteundersøkinga 2025

Visit Fjordkysten og Sunnfjord gjennomfører gjesteundersøking i sommar, og dykkar innsats og engasjement er avgjerande for vår felles suksess – saman kan vi gjere ein forskjell.

Vi treng dykkar hjelp

Oppfordre gjestane til å delta i gjesteundersøkinga slik at vi kan få samla verdifulle tilbakemeldingar som kan brukast til å forbetre tilbodet vårt og sikre ei positiv oppleving for alle besøkande.

Kvifor bør de bidra?

Gjesteundersøkinga bidreg først og fremst med å gi oss viktig informasjon om gjesten si oppleving av reisemålet. Denne informasjonen er avgjerande for vidare utvikling av gode gjesteopplevingar i heile regionen.

Samla sett bidreg felles innsats til å auke synligheita for Fjordkysten og Sunnfjord sin reiselivsprofil, forbedre besøkande sine opplevingar og auke verdiskapinga knytt til reiselivsnæringa.

Gjesteundersøkinga 2024

Visit Fjordkysten og Sunnfjord gjennomførte i 2024 ei gjesteundersøking for å få betre innsikt i opplevingane og behova til dei som besøker regionen. Erfaringane frå denne runden har gitt oss verdifull læring, og vi har justert metodikk og spørsmål for å hente ut meir relevant og handlingsretta informasjon framover.

Du kan lese meir i rapporten her

Campingvettreglar 2025

Felles retningslinjer for ein trygg og god campingsesong

No er dei oppdaterte Campingvettreglane for 2025 klare! Dette er eit felles informasjonsmateriell utvikla i samarbeid mellom NHO Reiseliv, Virke, Visit Norway, Statens vegvesen, NDBR og fleire aktørar i bransjen.

Campingvettreglane gir enkle og tydelege råd til campingturistar om god åtferd, trygg ferdsel og respekt for både natur og medmenneske. Målet er å bidra til gode opplevingar for alle – både gjestar og lokalsamfunn.

📌 Tilgjengelege versjonar:

Den trykte folderen er tilgjengeleg på NHO Reiseliv sine turistkontor.

Vi oppmodar alle reiselivsaktørar i destinasjonen til å dele og løfte fram desse retningslinjene i eigne kanalar – anten det er på nettsida, infoskjermar, i sosiale medium eller direkte i møte med gjestar. Når vi står samla bak ei felles kommunikasjon, når vi lenger – og effekten blir sterkare.

📣 Det vil òg kome meir informasjonsmateriell til bruk i kommunikasjon mot campingturisten – som kan takast i bruk etter behov.

Webinar: KommunikasjonsLøftet – ansvarleg kommunikasjon i praksis

🗓 Torsdag 12. juni kl. 10:00–11:00

Ansvarleg kommunikasjon i reiselivet er viktigare enn nokon gong. Korleis kommunisere slik at ein aukar lokal verdiskaping per gjest, bidreg til ansvarleg ferdsel og styrker lokalsamfunna?

Reisemåla i NDBR har i samarbeid med Innovasjon Norge utvikla KommunikasjonsLøftet – ei felles retning for korleis vi kommuniserer norske reisemål og bygger merkevara Noreg.

Visit Fjordkysten og Sunnfjord har signert KommunikasjonsLøftet, og forpliktar seg til å bidra til ei meir ansvarleg, inkluderande og berekraftig kommunikasjon i reiselivet.

Program

10:00–10:10
Korleis vera ein del av løysinga, og ikkje problemet?
Aase Marthe Horrigmo, direktør for reiseliv, Innovasjon Norge

10:10–10:20
Pass på at berekraft ikkje berre skjer i kommunikasjonsavdelinga
Audun Pettersen, avdelingsleiar for reiselivsutvikling, Innovasjon Norge

10:20–10:30
KommunikasjonsLøftet: Eit felles løfte og løft – eit arbeid i stadig utvikling
Anita Svendheim, prosjektleiar for NDBR

10:30–10:45
Ansvarleg marknadsføring i praksis
Eirik Berge, CCO, Visit Bergen & Moa Maria Kero, ansvarleg utvikling og samfunnskontakt, Visit Svalbard

10:45–10:55
Korleis bruke KommunikasjonsLøftet i ditt arbeid på web
Christine Baglo, Editor in Chief, Visit Norway

Kven er webinaret for? 

Kommuniserer du norske reisemål gjennom jobben din? Då er dette relevant for deg – enten du jobbar i eit destinasjonsselskap, ei bedrift eller som ein annan aktør innan reiselivet.

Webinaret er gratis, og alle medlemmar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har fått tilsendt lenke til påmelding på e-post. Har du ikkje motteke lenka? Ta kontakt med Rutt-Lovise Strand på: 📧 ruttlovise@fjordkysten.no

Merket for Berekraftig reisemål – Fjordkysten og Sunnfjord er godkjent!

Vi er stolte og glade over å ha blitt godkjent for Innovasjon Norge sitt Merket for Berekraftig reisemål! Dette er resultatet av to års målretta arbeid, der medlemmar og medlemskommunar har engasjert seg for å dokumentere, drøfte og finne gode løysingar for betre samhandling og ei meir berekraftig reiselivsutvikling. Tusen takk til alle som har bidrege!

Merket for Berekraftig reisemål er eigd av Innovasjon Norge, som har støtta arbeidet økonomisk i prosjektperioden. Les meir om den nasjonale merkeordninga her: Merket for Berekraftig reisemål

Kva skjer no?

🔹 Oppfølging av Vegkart for reiseliv Fjordkysten og Sunnfjord
Arbeidet held fram! Vi skal implementere reiselivsstrategien og setje i verk konkrete tiltak for ei meir berekraftig utvikling av destinasjonen.

Les Vegkart for reiseliv Fjordkysten og Sunnfjord 2025-2030

🔹 Etablering av lokal reisemålsleiing og reisemålsforum
Vi vidareutviklar reiselivsforumet for å sikre sterk lokal forankring, betre samarbeid og ei felles retning for destinasjonsutviklinga.

🔹 Merket i marknadsføring
I tillegg til destinasjonsselskapet og kommunane vil medlemmar som er miljøsertifiserte kunne å bruke Merket for Berekraftig Reisemål i si eiga marknadsføring. Dette gir ei tydeleg stadfesting av berekraftsarbeidet og styrkar marknadsposisjonen. 

Reisemål som er merka som Barekraftig reisemål får ekstra synligheit på visitnorway.com og gjennom Innovasjon Norges reiselivsaktiviteter i inn- og utland: Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning

Korleis kan di bedrift bidra?

Som reiselivsaktør kan du bidra på fleire måtar:

  1. Bli medlem av Visit Fjordkysten og Sunnfjord: Dette støttar arbeidet med berekraftig utvikling i regionen.
  2. Engasjer deg: Delta på Kick-off, reiselivsforum og svar på undersøkingar og forespørsler.
  3. Jobb med berekraft i eigen bedrift: Auka bevisstheita blant de ansatte, implementer berekraftsmål, eller bli miljøsertifisert.
  4. Gi kundane gode råd: Hjelp gjestene til å ta ansvarlege val før, under og etter besøket.

Invitasjon til seminar: Bli synleg og sel meir!

Campingnæringa er ein viktig del av reiselivet vårt, men stadig fleire campingturistar overnattar utanfor etablerte campingplassar.

Turistundersøkinga 2024 viser at over ein tredjedel av campingturistane i regionen bur i bubil eller telt utanfor campingplassar og brukar om lag 1000 kroner mindre per døgn enn gjennomsnittsturisten frå utlandet. Dette gir lågare inntekter for campingplassane og mindre verdiskaping for lokalt næringsliv.

Korleis kan vi sikre at campingplassane blir meir synlege, lettare å booke og meir attraktive for gjestene?

For å møte desse utfordringane inviterer Visit Fjordkysten og Sunnfjord, i samarbeid med NDBR, til to kurs med konkrete verktøy og strategiar for auka synlegheit og lønnsam drift.

Medlemmar har fått e-post med informasjon om kursa og påmelding. Har du ikkje mottatt den, ta kontakt.

Kurs 1: Bli synleg på nett

📅 Tidspunkt: Tysdag 25. mars kl. 10:00–11:00 (via Teams)

Kurs 2: Frå synlegheit til sal

📅 Tidspunkt: Tysdag 1. april kl. 10:00–11:00 (via Teams)

Kven kan delta?

Desse kursa er for medlemmar i Visit Fjordkysten og Sunnfjord. Har du ikkje mottatt e-posten med påmeldingsinformasjon?

Ta kontakt, så sender vi den til deg.

Del gode råd med gjestane dine – verktøy for ansvarleg ferdsel

For å sikre gode opplevingar for både gjester og lokalsamfunn, har vi i Visit FjordKysten og Sunnfjord utvikla informasjonsmateriell om korleis ein kan vere ein god gjest når ein besøkjer regionen. Dette inneheld enkle og konkrete råd om ferdsel i naturen, omsyn til lokalsamfunnet og korleis vi kan ta vare på miljøet.

På vår nettside fjordkysten.no finn du fleire ressursar som du kan dele vidare i dine kanalar – enten det er på eigne nettsider, i sosiale medium eller direkte til gjestane dine. Vi oppmodar alle aktørar i reiselivet til å spreie denne informasjonen, slik at vi saman kan bidra til ein berekraftig reiselivsutvikling og gode opplevingar for alle.

Kvar finn du informasjonen?

👉 Reis Betre
👉 Bilete

Vi set stor pris på di hjelp til å spreie bodskapen! Har du spørsmål eller ønskjer tilpassa innhald til din kanal, er det berre å ta kontakt.

Takk for at du er med på å skape gode opplevingar for både gjester og lokalbefolkning!

Korleis påverkar turismen oss?

Ei ny innbyggarundersøking frå hausten 2024 kartlegg erfaringar og haldningar til turismen i Fjordkysten og Sunnfjord. Resultata viser at turismen stort sett blir sett på som ein positiv ressurs, men avdekker også utfordringar som krev tiltak for å sikre trivsel i lokalsamfunnet og ei berekraftig utvikling av reiselivet.

Hausten 2024 gjennomførte Visit Fjordkysten og Sunnfjord ei innbyggarundersøking for å kartleggje innbyggjarane sine erfaringar og haldningar til turismen i regionen.

Undersøkinga er ein viktig del av arbeidet mot å oppnå og oppretthalde Merket for bærekraftig reisemål, og gir verdifull innsikt i korleis reiselivet påverkar lokalsamfunnet.

Resultata blir analysert for å identifisere områder der det er behov for tiltak for å redusere negativ påverknad av turismen, og for å sikre at regionen kan fortsette å vere ein attraktiv destinasjon for både turistar og innbyggjarar.

Med innsiktene frå innbyggarundersøkinga vil destinasjonsleiinga, i samarbeid med lokale aktørar, sette i gang målretta tiltak som støttar opp om det langsiktige målet om berekraftig reiseliv.

Hovudfunn og utfordringar

  • Besøksforvaltning: Nokre område opplever høgt trykk i høgsesongen. Tiltak sikrar god besøksstyring kan bidra til å redusere negative konsekvensar.
  • Infrastruktur: Behovet for betre tilrettelegging, som sanitæranlegg, parkering og boss-stasjonar, blei spesielt trekt fram i kommentarane.
  • Bevaring av natur: Innbyggarar peiker på at det må balanserast mellom tilrettelegging og vern av sårbare naturområde, og at informasjon om ansvarleg ferdsel må bli styrka.


Samla sett opplevast turismen som ein positiv ressurs for lokalsamfunnet, men det er viktige punktvise utfordringar som må handterast for å sikre berekraftig utvikling. Med strategisk planlegging og samarbeid mellom innbyggarar, næringsliv og kommune kan regionen både styrke turismen og sikre trivselen i lokalsamfunnet.

Hardbakke Villsaulag og UWC på CNN

I oktober i år var CNN på besøk hos Hardbakke Villsaulag i Solund og UWC i Fjaler for å lage eit innslag til programmet «Call to Earth Day». Programmet fokusera på innovative løysinger innan miljø og berekraft. I år fokuserer programmet også på generasjonar. Eit resultat av innslaga som vart filma kan du sjå her

Hardbakke Villsaulag

https://edition.cnn.com/2024/12/11/climate/video/norway-sheep-c2e-spc

UWC Red Cross Nordic

https://app.frame.io/presentations/4822e9a7-2673-450f-a74d-4558b50b2aee

https://app.frame.io/presentations/249e8cbb-f542-4658-a2a4-cfb61b9c3f40

Hardbakke Villsaulag
I 2020 starta Sognefjorden Kystpark, no Fjordkysten Regional- og Geopark, og Hardbakke Villsaulag eit prosjekt som bidreg til å bevare den sterkt truga kystlyngheia. Prosjektet er eit integrert landskapsprosjekt, kor både bevaring av kystlyngheia og kunnskapsoverføring står sentralt. Fjordkystparken har utvikla ein modell der ein tar vare på det opne kystlandskapet og vil skjøtte det på ein måte som engasjerer lokalbefolkninga. Denne modellen er overførbar til alle stader i Noreg der du finn kystlynghei.  

Høyring: Forslag til lov om besøksbidrag

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag som gir kommunane moglegheit til å innføre eit besøksbidrag for å finansiere fellesgoder i område med høgt turismepress. Forslaget omfattar alt frå hoteller til campingplassar, Airbnb og gjestehamner, og inneber ein frivillig kommunal overnattingsavgift på inntil 5 % av overnattingsprisen. Målet er å sikre betre finansiering av tiltak som stiar, toalett og avfallshandtering, til nytte for både turistar og lokalbefolkninga.

Erfaringar frå andre land viser at besøksbidrag kan gi viktige inntekter som styrkar lokalsamfunn og tilrettelegging for turisme, utan å redusere attraktiviteten til destinasjonen.

Samtidig har forslaget fått kritikk. NHO Reiseliv fryktar at ein overnattingsavgift kan svekke konkurransekrafta til Noreg som reisemål, særleg i møte med tøff internasjonal konkurranse. Andre peiker på at cruiseturistar og villcampere, som også belastar lokale fellesgoder, ikkje er inkludert i ordninga.

Vi treng dine synspunkt!
Visit Fjordkysten og Sunnfjord ønsker å samle innspel frå medlemmane våre for å utarbeide eit felles høyringsinnspel som speglar både utfordringar og moglegheiter. Neste veke sender vi ut eit skjema på e-post, der du kan dele dine vurderingar. Dine innspel vil vere verdifulle for å skape ei løysing som balanserer behova til lokalsamfunna og reiselivsnæringa.

Vi oppmodar også til at aktørar sender eigne høyringsinnspel direkte til regjeringa innan fristen 3. januar 2025.

Saman kan vi påverke framtida for eit berekraftig reiseliv i vår region. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.

For meir informasjon om forslaget og høyringsnotatet, kan du lese meir på regjeringa sine sider.

Vertskommunen: Opptak ligg ute no!

Takk til alle som deltok på VERTSKOMMUNEN-konferansen!

No kan du finne opptaka frå alle spora tilgjengelege på denne lenka: https://ndbr.vivida.live. Opptaka vil vere opne ut november-månad, så del dei gjerne med andre som kan ha interesse av innhaldet.

For å bidra til vidare utvikling av VERTSKOMMUNEN-konferansen, oppmodar me alle deltakarar om å bruke nokre få minutt på å fylle ut evalueringsskjemaet. Kvar tilbakemelding er viktig!

Vi ønskjer å takke arrangørane og alle som bidrog til å gjere konferansen til ein møteplass der me saman løftar viktige tema for framtidas reiseliv. Dette inspirerer oss til vidare samarbeid for ei berekraftig utvikling av regionen vår – og landet som heilskap!