Første kampanje for 2025: «Go Your Own Way» – ein sterk start på sommaren!
Frå 14. april til 16. mai gjennomførte Visit FjordKysten og Sunnfjord årets første eigne kampanje – ei reiselystvekking retta mot det norske publikum. Kampanjen tok utgangspunkt i vårt kommunikasjonskonsept, der vi inviterer folk til å gå sin eigen veg – til stadar utanfor allfarveg, og oppleve natur og kultur i eit ekte og urørt Vestland.
Gjennom sterke visuelle uttrykk og målretta distribusjon på Meta-kanalane (Facebook og Instagram), har kampanjen treft godt i målgruppa og lagt eit viktig grunnlag for vidare marknadsføring inn mot sommaren.
Mål og målgruppe
Kampanjen hadde som hovudmål å få nordmenn til å vurdere Fjordkysten og Sunnfjord som reisemål for sommarferien. Samtidig ønska vi å hente inn innsiktsdata til bruk i ein oppfølgingskampanje (del 2). Produktfokuset låg på friluftsliv, parferie og familieferie, med innhald på norsk og i format tilpassa bilde- og videovisningar i sosiale medium.
Nøkkeltal frå kampanjen
Synlegheit og respons på Meta:
- 407 656 annonsevisningar
- 194 520 i rekkevidde
- 33 421 klikk til landingssida
- 0,45 kr per klikk – ein særs låg og effektiv kostnad
Webresultat:
- 127 769 sidevisningar i kampanjeperioden
- 37 498 aktive brukarar
- 89,65 % engasjement
- Gjennomsnittleg tid per økt: 2 minutt og 40 sekund
Kva innhald skapte mest trafikk?
Dei mest besøkte artiklane / sidene under kampanjeperioden var:
- Toppturar som tek pusten frå deg – 77 862 visningar
- Go your own way! – 21 142 visningar
- Frå hav til bre – Vestlandets skjulte perler – 8 581 visningar
Dette viser at både det konkrete turopplevingsinnhaldet og kampanjesida i seg sjølv traff godt og inspirerte til vidare utforsking av destinasjonen. Du kan lese heile kampanjerapporten her 👇
Del 2 av kampanjen vil byggje vidare på same kommunikasjonskonsept, med retargeting basert på engasjement frå denne runda – for å sikre endå høgare relevans og konvertering
*Vi har per dags dato ein kampanje med tema frå Hav til Bre med Anniken og Jostein ute i våre kanaler!



