Første kampanje for 2025: «Go Your Own Way» – ein sterk start på sommaren!
Frå 14. april til 16. mai gjennomførte Visit FjordKysten og Sunnfjord årets første eigne kampanje – ei reiselystvekking retta mot det norske publikum. Kampanjen tok utgangspunkt i vårt kommunikasjonskonsept, der vi inviterer folk til å gå sin eigen veg – til stadar utanfor allfarveg, og oppleve natur og kultur i eit ekte og urørt Vestland.
Gjennom sterke visuelle uttrykk og målretta distribusjon på Meta-kanalane (Facebook og Instagram), har kampanjen treft godt i målgruppa og lagt eit viktig grunnlag for vidare marknadsføring inn mot sommaren.
Mål og målgruppe
Kampanjen hadde som hovudmål å få nordmenn til å vurdere Fjordkysten og Sunnfjord som reisemål for sommarferien. Samtidig ønska vi å hente inn innsiktsdata til bruk i ein oppfølgingskampanje (del 2). Produktfokuset låg på friluftsliv, parferie og familieferie, med innhald på norsk og i format tilpassa bilde- og videovisningar i sosiale medium.
Nøkkeltal frå kampanjen
Synlegheit og respons på Meta:
- 407 656 annonsevisningar
- 194 520 i rekkevidde
- 33 421 klikk til landingssida
- 0,45 kr per klikk – ein særs låg og effektiv kostnad
Webresultat:
- 127 769 sidevisningar i kampanjeperioden
- 37 498 aktive brukarar
- 89,65 % engasjement
- Gjennomsnittleg tid per økt: 2 minutt og 40 sekund
Kva innhald skapte mest trafikk?
Dei mest besøkte artiklane / sidene under kampanjeperioden var:
- Toppturar som tek pusten frå deg – 77 862 visningar
- Go your own way! – 21 142 visningar
- Frå hav til bre – Vestlandets skjulte perler – 8 581 visningar
Dette viser at både det konkrete turopplevingsinnhaldet og kampanjesida i seg sjølv traff godt og inspirerte til vidare utforsking av destinasjonen. Du kan lese heile kampanjerapporten her 👇
Del 2 av kampanjen vil byggje vidare på same kommunikasjonskonsept, med retargeting basert på engasjement frå denne runda – for å sikre endå høgare relevans og konvertering
*Vi har per dags dato ein kampanje med tema frå Hav til Bre med Anniken og Jostein ute i våre kanaler!
Visit Norway på tur for å skape reiselyst i FjordKysten og Sunnfjord
23.–28. april var eg, Lillian, marknad- og kommunikasjonsansvarleg i Visit FjordKysten og Sunnfjord, på reise i regionen saman med Evgenia, som har ansvar for sosiale medium i Visit Norway. Målet med turen var å vise kor enkelt ein kan reise frå Oslo eller Bergen og vidare ut til FjordKysten og Sunnfjord – alt ved hjelp av kollektivtransport.
Gjennom seks innhaldsrike dagar fekk vi oppleve øyhopping, sykling i levande øysamfunn, fjellturar med spektakulære utsyn og reiser mellom øyane med lokale transportmiddel.
Undervegs publiserte Evgenia både stories og direktesendingar på Visit Norway sine kanalar, slik at følgjarane kunne ta del i opplevingane i sanntid. I tillegg har vi samla mykje flott innhald som vi vil dele framover – både for å inspirere nye reisande og løfte fram den genuine opplevinga vår region byr på.
Vi håpar å kunne invitere Evgenia tilbake ved eit seinare høve, slik at vi kan vise fram endå meir av alt det fantastiske FjordKysten og Sunnfjord har å by på.
Her finn du litt bileter frå turen :)



































Del gode råd med gjestane dine – verktøy for ansvarleg ferdsel
For å sikre gode opplevingar for både gjester og lokalsamfunn, har vi i Visit FjordKysten og Sunnfjord utvikla informasjonsmateriell om korleis ein kan vere ein god gjest når ein besøkjer regionen. Dette inneheld enkle og konkrete råd om ferdsel i naturen, omsyn til lokalsamfunnet og korleis vi kan ta vare på miljøet.
På vår nettside fjordkysten.no finn du fleire ressursar som du kan dele vidare i dine kanalar – enten det er på eigne nettsider, i sosiale medium eller direkte til gjestane dine. Vi oppmodar alle aktørar i reiselivet til å spreie denne informasjonen, slik at vi saman kan bidra til ein berekraftig reiselivsutvikling og gode opplevingar for alle.
Kvar finn du informasjonen?
👉 Reis Betre
👉 Bilete
Vi set stor pris på di hjelp til å spreie bodskapen! Har du spørsmål eller ønskjer tilpassa innhald til din kanal, er det berre å ta kontakt.
Takk for at du er med på å skape gode opplevingar for både gjester og lokalbefolkning!
Få maksimal synleghet for verksemda di på fjordnorway.com
Ynskjer du å nå ut til reiselystne frå heile verda? fjordnorway.com er ein av dei leiande reiselivsportala i Norge, med millionar av besøkande kvart år som drøymer om autentiske og unike opplevingar på Vestlandet. No kan du bruke denne kraftfulle plattforma til å profilere verksemda di og teneste dine!
Fordela med å annonsere på fjordnorway.com
- Treff ei målretta målgruppe: – ALLE våre besøkande har ein reiseintensjon. Vi tiltrekkjer oss kvalitetsbesvisste gjestar som ynskjer ekte og minneverdige opplevingar – dei perfekte kundane for verksemda di.
- Eksklusiv synleghet: Få plassering på ein portal som spesialiserer seg på Vestlandet som destinasjon, og dra nytte av ei sterk regional merkevare. Du kan sjølv velge når du ynskjer å vere synleg, og kva marknad du ynskjer å rette deg mot.
- Effektive innhaldsplasseringar: Våre annonsørpakkar gir synleghet gjennom bannerannonse på kampanjesider, artiklar, landingssider for overnatting, mat og drikke, aktivitet, eller forsider.
- Støtte frå eit engasjert team: få hjelp frå vårt erfarne team som sørgjer for at bodskapen din når ut til riktig publikum på den beste måten.
Kvifor velje fjordnorway.com?
Som ein del av eit etablert landsdelsselskap som fjordnorway har vi djup innsikt i kva reisande ser etter, og vi er alle lidenskapeleg opptekne av å løfte fram det beste av Vestlandet har å by på. Når du annonserer hos oss, blir verksemda di ein del av ei heilskapeleg reiseoppleving – frå overnatting og aktivitetar til lokalmat og kulturarv.
Korleis kjem du i gong?
Kontakt vår marknad- og kommunikasjonsansvarleg, Lillian Herland på e-post lillian@fjordkysten.no, og få ein uforpliktande samtale om kva annonsørpakkar som passar best for deg. Samla kan vi finne den perfekte løysinga for verksemda di.
Ikkje gå glipp av viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord!
Lyst til å alltid vere blant dei første som får vite om dei siste oppdateringane, spanande moglegheiter og viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord? Vi har løysinga for deg!
Ved å slå på varslar for Facebook-gruppa vår og abonnere på vår WordPress-side, sikrar du at du aldri går glipp av informasjon som kan vere avgjerande for deg og di verksemd. Det er enkelt og raskt – her er korleis du gjer det:
Slik slår du på varslar på ei Facebook-gruppe:
- Gå til Facebook-gruppa Destinasjonsforum FjordKysten og Sunnfjord
- Klikk på «Varslar»-knappen som du finn under cover-bildet på gruppa.
- Vel «Alle innlegg» for å få varsel kvar gong vi deler noko nytt.
Abonner på vår WordPress-side:
- Besøk WordPress-sida vår https://visitfjordkysten.wordpress.com/
- Finn abonnementsboksen (nederst på sida eller i menyen).
- Skriv inn e-postadressa di og klikk på «Abonner».
- Du vil no få eit e-postvarsel kvar gong vi publiserer ein ny artikkel.
Ved å følgje desse enkle stega er du sikra å vere oppdatert på alt det spennande som skjer i regionen. Vi deler nyhender, arrangement, tips og mykje meir som kan inspirere og bidra til at du får mest mogleg ut av moglegheitene her.
Gå ikkje glipp av noko – bli med oss på reisa og hald deg informert i dag!
Sosiale media 2025 🤳🏼
Vi er i gong med å planlegge våre sosiale media innlegg for året 2025. Vår sosiale media-plattform skal nyttast til å skape reiselyst og engasjement for FjordKysten og Sunnfjord som reisemål, og for medlemane våre. Kunne du som er medlem hos oss tenkje deg eit samarbeidsinnlegg på facebook eller Instagram ber vi deg sende ein e-post til lillian@fjordkysten.no så planlegg vi innhaldet saman. Innlegget bør planlegges i god tid, ellers kan du risikere at vi allereie har innlegg planlagd den dagen du ynskjer.
Retningslinjer for våre sosiale medier
Facebook er eit svært effektivt verktøy for reiselivsmarknadsføring, og vi ynskjer å nytte plattformen strategisk for å tiltrekke reisande, bygge fellesskap, dele inspirasjon, marknadsføre aktivitetar og styrke merkevaren. Plattformen gir moglegheiter for organisk vekst og betalt annonsering, og er ein god kanal for å tiltrekke reisande og engasjere eksisterande kundar. Ynskjer du at vi skal dele ditt innhald på Facebook anbefala vi å:
- Dele oppdateringar om aktivitet, festival, arrangement, oppleving, overnatting, mat og drikke – og eventuelle spesielle tilbod som du måtte ha
- Dele autentisk innhald som reflekterer bedrifta di
- Reisetips og reiseanbefalinga
- Gje bort reiseopplevinga og køyre i gong konkurransar
Vi kommuniserer i hovudsak på norsk, men vil som oftast legge inn både norsk og engelsk tekst i caption. Vi ber deg difor sende både norsk og engelsk tekst. Vi kan endre teksten for å tilpasse det vår tone of voice, men bodskapen vil vere det same.
Instagram er eit kraftfullt verktøy for reiselivet, og vi skal bruke det strategisk for å inspirere, engasjere og tiltrekke oss reisande. For at vi skal dele ditt innhald på Instagram må det difor vere:
- Høgoppløyselege, stemningsfulle bilete som vekker reiselyst. Vi ynskjer å prioritere autentiske og estetiske motiv som inspirerer følgjarane til å utforske og oppleve.
- Reels i riktig format, sjå detaljert informasjon under
- Tekst på engelsk. Vi kan endre teksten for å tilpasse det vår tone of voice, men bodskapen vil vere det same.
Bileteformat
- Format: 4:5
- Oppløysing: 1080 x 1350 px
Tips! Ein biletekarusell på Instagram lar deg publisere opptil 20 bilete eller videoar i éin post, der brukarar kan sveipe for å sjå meir. Dette formatet er svært nyttig då det gir moglegheit til å fortelje ei historie, vise ulike perspektiv og skape meir engasjement.
👉 PRO-TIPS!
- Start med det mest iøynefallande bilete for å fange merksemd
- Bruk ein raud tråd gjennom bileta slik at folk får lyst til å sveipe vidare
- Legg inn ei sterk avslutning, gjerne med ein CTA (Call to Action) – for eksempel «kva bilete likte du best» eller «lagre dette tipset til seinare».
Biletekaruseller vil engasjere følgjarane og skape meirverdi for dei som drøymer om å besøke regionen 🚀
Videoformat Reels
- Format: 9:16
- Oppløysing 1080 x 1920 px
- Lengd: 6-30 sekund
- Tips: Bruk korte, dynamiske klipp, god musikk og tekst for betre engasjement
KVA GIR BEST VIDEO-KVALITET? 🎬
✔️Filmformat: MP4 eller MOV
✔️ Oppløysing: 1080 x 1920
✔️ Kodek: H.265
✔️ Biletefrekvens: 30 fps eller 25 fps
✔️ Eksport som MP4
✔️ Bitrate kan stå på auto
✔️ Hald filmen under 100 mb for ein enklare opplasting
Stories
- Format: 9:16
- Oppløysing: 1080 x 1920 px
- Lengd: 15 sek per story-slide
- Tips: Bruk interaktive elements (polls, spørsmål, lenker) for betre engasjement
Stories er perfekt om du ynskjer å dele plakatar med informasjon om eit arrangement, opningstider for bedrifta, etc.
FjordKysten og Sunnfjord som eit fellesskap 🤝
Vi jobbar mot å skape ein truverdig og inspirerande sosiale media plattform for reiselystne følgarar. Vi repostar ofte innhald frå våre medlemer og andre brukarar som lagar inspirerande og flott innhald, og oppmodar dykk til å tagge oss i innhaldet som de legg ut. Fint om de tagger oss i sjølve bilete og ikkje i caption. Vi ynskjer også å bygge ein sterk merkevare under hashtagen #goyourownway, og vil gjerne sjå innhaldet ditt der.
Du kan lese meir om kommunikasjonskonseptet vårt her
Pressemelding: Berekraftsnettverket NDBR
Over førti reisemål frå Svalbard til Lindesnes har samla seg for å løfte
og løyse framtidas reiseliv.
Sidan 2013 har reisemål på tvers av landet arbeidd strategisk og heilskapleg med utviklinga av det lokale reiselivet ved å vera kopla opp mot den nasjonale merkeordninga, «Berekraftig Reisemål». Denne ordninga fungerer som eit felles styringsverktøy for alle aktørane som er involverte i utviklinga, og forpliktar reisemåla til å sjå reiselivet i eit samfunnsperspektiv der ein arbeider for å skape gode reisemål for besøkjande, lokalbefolkninga, natur og miljø – i dag og for framtida.
Gjennom arbeidet inn mot Merkeordninga ser me at reisemål over heile landet har gått i gong med nybrotsarbeid for å skape betre og meir heilskaplege løysingar. Likevel ser me at me har mykje å gå på i forhold til tettare erfaringsutveksling og samarbeid rundt utviklinga slik at me
løfter det grøne skiftet i reiselivet i fellesskap og finn gode løysingar så e?ektivt som mogleg, fortel Anita Svendheim, prosjektleiar for nettverket.
Ein felles melodi frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør
Etter mange år med tett dialog og samarbeid har 43 reisemål no samla seg for å løfte og løyse felles berekraftsutfordringar i eit nasjonalt bedriftsnettverk, støtta av Innovasjon Norge. Nettverket har fått namnet «Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling» (NDBR), der reisemåla som deltek representerer 137 norske kommunar og ei medlemsmasse beståande av omlag 4500 reiselivsbedrifter.
Skal ein lukkast med utviklinga av eit berekraftig reiseliv må ein ha med alle saman. Dette styrkja samarbeidet har vist oss at me i stor grad står i møte med dei same moglegheitene og utfordringane, anten ein representerer by eller bygd, kystdestinasjon eller fjelldestinasjon, nordlege eller sørlege delar av landet, fortel Svendheim.
Dette er første gong ein ser eit nasjonalt samarbeid på tvers av reisemål over heile landet, knytt opp mot ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa. Her er jobbar ein for tettare erfaringsutveksling, utvikling av felles verktøy og etablering av felles utviklingsprosjekt for å effektivisere berekraftsarbeidet på reisemåla i landet.
Gjennom dette nettverket, kvar me deler erfaringar om felles utfordringar som ansvarleg marknadsføring, reisemålsleiing, vertskapskurs og besøksstyring, kan me jobbe smartare og meir effektivt. Dette er både nyttig og tidsbesparande i vårt daglege arbeid, fortel Inger-Lise Brones, medlem av styringsgruppa til nettverket.
Ei av Noreg sine viktigaste framtidsnæringar
Reiselivet i Noreg er ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar, både som ei av landet sine viktigaste, grøne eksportnæringar og som ei næring som bidreg til å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og stadutvikling over heile landet. I september i fjor blei det også annonsert at reiselivet er den femte næringa som skal inn i regjeringa sin eksportsatsing
Hele Norge eksporterer.
Me er glade over at viktigheita av reiselivet i auka grad blir trekt fram og satsa på nasjonalt. Samstundes veit me at reiselivet, som tek utgangspunkt i kvar stad sitt særpreg med sine moglegheiter og avgrensingar, må bli utvikla nedanfrå og opp for å skape ei næring som finn gode løysingar for menneske, natur og miljø. Å styrkje dette leddet av arbeidet meiner me difor er avgjerande for å lukkast med å nå målsetnadane sett for reiselivet, avsluttar Svendheim.
Meir informasjon om Merkeordninga «Berekraftig Reisemål»
Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» er utvikla av Innovasjon Norge, og er eit lokalt styringsverktøy for å arbeide heilskapleg med utviklinga av reisemålet. Ordninga set mellom anna krav til at ei breitt samansett destinasjonsleiing/reisemålsleiing, etablering av ein langsiktig og breitt forankra strategi for utviklinga av reisemålet og ein blir målt på utviklinga innanfor område som bevaring av natur, kultur og miljø, styring av
sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit. Ordninga betyr difor ikkje at eit reisemål er «berekraftig», men at ein må vise til betring ved kvar re-merking.
Meir informasjon om Nettverket NDBR
Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling («Nettverket») er eit nasjonalt nettverk for og av reisemål som arbeider strategisk med den berekraftige utviklinga av sin destinasjon ved å knyte seg til den nasjonale merkeordninga «Berekraftig Reisemål» («Merkeordninga»). Nettverket består av 43 destinasjonar, som følgjer: Akershus Reiselivsråd, Visit Bergen, Visit Bodø, Femund-Engerdal, Fjordkysten &
Sunnfjord, Visit Fredrikstad & Hvaler, Hallingdal næringshage, Hemsedal, Visit Jotunheimen, Kragerø Næringsforening, Visit Sørlandet, Visit Lillehammer, Visit Lindesnes, Destination Lofoten, Visit Lyngenfjord, Lysefjorden365, MTNU/Visit MidtTelemark, Malung-Salen, Visit Narvik, Nasjonalparkriket, Visit Nesbyen, Visit Nordfjord, Visit NorthWest, Visit Norefjell, Orinor/Visit Kirkenes & Alta, Nordveggen/Visit Rauma,
visitRjukan, Visit Senja, Visit Sognefjord, Region Stavanger, Næringshagen i Ryfylke/Visit Suldal, Visit Sunnhordland, Visit Svalbard, Visit Tromsø-regionen, Destinasjon Trysil, Visit Valdres, Vefsna Regionalpark, Vest-Telemark, Visit Vestfold, Visit Øst-Norge, Visit Voss og Åfjord utvikling. Desse reisemåla representerer reiselivet i over 137 kommunar
og ei medlemsmasse på omlag 4500 reiselivsbedrifter.

Fjordløftet: Samarbeid for ansvarleg turisme i Fjord Norge
Fjord Norge er ein populær destinasjon, kjent for storslått natur og levande lokalsamfunn. For å ta vare på det som gjer regionen så spesiell, har vi, saman med resten av, utvikla Fjordløftet – eit felles initiativ for å fremje ansvarleg gjesteadferd og sikre trygg og berekraftig turisme.
Kva er Fjordløftet?
Fjordløftet er ein felles innsats for å sikre at turismen i regionen blir handtert på ein måte som tek vare på både naturen og lokalsamfunna. Vi ønskjer at både besøkande og lokale aktørar er med på å skape gode opplevingar som tek omsyn til dei ressursane vi har.
Kvifor Fjordløftet?
Med fleire turistar kjem òg utfordringar. Auka trafikk kan påverke både naturen og dei små lokalsamfunna. Fjordløftet gir klare retningslinjer for korleis vi kan ta ansvar saman – for å balansere vekst med omsyn til miljøet og folka som bur her.
Korleis kan de bidra?
De som er ein del av reiselivet i Fjord Norge har ei viktig rolle. Vi oppmodar dykk til å:
- Informere gjestar om korleis dei kan førebu seg godt, ta vare på naturen, og kvifor det er lurt å bruke lokale guidar.
- Leggje til rette for gode val, som bruk av lokale tenester og varer, handtering av avfall, og trygg camping og ferdsel.
- Samarbeide lokalt for å utvikle gode rutinar for besøksstyring og tryggleik.
Saman gjer vi ein forskjell
Gjennom Fjordløftet kan vi bidra til at Fjord Norge held fram med å vere ein flott stad å besøke – og å bu. Ved å jobbe saman kan vi sikre at turismen i regionen skjer på ein ansvarleg måte, slik at vi tek vare på både natur og lokalsamfunn.
Sosiale media rapport for januar – august 2024
Er du interessert i å sjå kor mange vi har nådd ut til i våre sosiale medier hittil i år? Då kan du lese rapporten under.
Har du nokre spennande tilbod du ønskjer vi skal dele i våre sosiale medier i haust og vinter? Send ein e-post til lillian@fjordkysten.no :)






