Fjordløftet: Samarbeid for ansvarleg turisme i Fjord Norge

Fjord Norge er ein populær destinasjon, kjent for storslått natur og levande lokalsamfunn. For å ta vare på det som gjer regionen så spesiell, har vi, saman med resten av, utvikla Fjordløftet – eit felles initiativ for å fremje ansvarleg gjesteadferd og sikre trygg og berekraftig turisme.

Kva er Fjordløftet?

Fjordløftet er ein felles innsats for å sikre at turismen i regionen blir handtert på ein måte som tek vare på både naturen og lokalsamfunna. Vi ønskjer at både besøkande og lokale aktørar er med på å skape gode opplevingar som tek omsyn til dei ressursane vi har.

Kvifor Fjordløftet?

Med fleire turistar kjem òg utfordringar. Auka trafikk kan påverke både naturen og dei små lokalsamfunna. Fjordløftet gir klare retningslinjer for korleis vi kan ta ansvar saman – for å balansere vekst med omsyn til miljøet og folka som bur her.

Korleis kan de bidra?

De som er ein del av reiselivet i Fjord Norge har ei viktig rolle. Vi oppmodar dykk til å:

  1. Informere gjestar om korleis dei kan førebu seg godt, ta vare på naturen, og kvifor det er lurt å bruke lokale guidar.
  2. Leggje til rette for gode val, som bruk av lokale tenester og varer, handtering av avfall, og trygg camping og ferdsel.
  3. Samarbeide lokalt for å utvikle gode rutinar for besøksstyring og tryggleik.

Saman gjer vi ein forskjell

Gjennom Fjordløftet kan vi bidra til at Fjord Norge held fram med å vere ein flott stad å besøke – og å bu. Ved å jobbe saman kan vi sikre at turismen i regionen skjer på ein ansvarleg måte, slik at vi tek vare på både natur og lokalsamfunn.

Sosiale media rapport for januar – august 2024

Er du interessert i å sjå kor mange vi har nådd ut til i våre sosiale medier hittil i år? Då kan du lese rapporten under.

Har du nokre spennande tilbod du ønskjer vi skal dele i våre sosiale medier i haust og vinter? Send ein e-post til lillian@fjordkysten.no :)

Digitale kartbrosjyrer for FjordKysten og Sunnfjord

På denne sida finn du våre digitale kartbrosjyrer for kvar enkelt destinasjon i FjordKysten og Sunnfjord-regionen. Bli inspirert og legg reisa di til oss

SUNNFJORD
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_sunnfjord_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_sunnfjord_2024_eng

SOLUND
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_solund_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_solund_2024_eng

HYLLESTAD
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_hyllestad_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_hyllestad_2024_eng

ASKVOLL
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_askvoll_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_askvoll_2024_eng

FJALER
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_fjaler_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_fjaler_2024_eng

KINN / FLORØ
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_flor_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_flor_2024_eng

KINN / MÅLØY
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_ma_l_y_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kartguide_ma_l_y_2024_eng

ØYA KINN
Norsk https://issuu.com/atilaa/docs/kinn_2024
Engelsk https://issuu.com/atilaa/docs/kinn_2024_eng

Vi nådde ut til ein halv million følgare på to dagar!

16-17. august hadde Visit FjordKysten og Sunnfjord instagram take-over på Visitnorway. Frå innlegga vart publisert på Instagram skaut dei verkeleg fart. Med bilete frå vår fantastiske region klarte vi å engasjere godt over 50.000 følgare, og vi nådde godt over ein halv million følgare!

Tala er henta ut torsdag 17. august. Tala vil difor stige for kvar dag.