🌟 Saman utviklar vi reiselivet – takk for deltakinga!

Vi er djupt takksame for dei to fantastiske dagane i Solund, der reiselivsnæringa, samarbeidspartnarar og andre engasjerte aktørar kom saman. Dykkar deltaking og engasjement har gjort dette kick-offet til ei kjelde av inspirasjon, verdifulle samtalar og nyttige innspel for reiselivet i regionen 🤝

Ein stor takk til alle som deltok, bidrog og delte sin kunnskap og erfaring. Saman skapar vi ei sterkare og meir attraktiv reiselivsdestinasjon! Vi ser fram til eit spennande år med vidare samarbeid og utvikling.

Takk for engasjementet – vi gler oss til fortsetjinga!

– Gjengen i Visit FjordKysten og Sunnfjord
#goyourownway

Sjå bilete frå nokre av dei som haldt innlegg på årets Kick-Off

Få maksimal synleghet for verksemda di på fjordnorway.com

Ynskjer du å nå ut til reiselystne frå heile verda? fjordnorway.com er ein av dei leiande reiselivsportala i Norge, med millionar av besøkande kvart år som drøymer om autentiske og unike opplevingar på Vestlandet. No kan du bruke denne kraftfulle plattforma til å profilere verksemda di og teneste dine!

Fordela med å annonsere på fjordnorway.com

  1. Treff ei målretta målgruppe: – ALLE våre besøkande har ein reiseintensjon. Vi tiltrekkjer oss kvalitetsbesvisste gjestar som ynskjer ekte og minneverdige opplevingar – dei perfekte kundane for verksemda di.
  2. Eksklusiv synleghet: Få plassering på ein portal som spesialiserer seg på Vestlandet som destinasjon, og dra nytte av ei sterk regional merkevare. Du kan sjølv velge når du ynskjer å vere synleg, og kva marknad du ynskjer å rette deg mot.
  3. Effektive innhaldsplasseringar: Våre annonsørpakkar gir synleghet gjennom bannerannonse på kampanjesider, artiklar, landingssider for overnatting, mat og drikke, aktivitet, eller forsider.
  4. Støtte frå eit engasjert team: få hjelp frå vårt erfarne team som sørgjer for at bodskapen din når ut til riktig publikum på den beste måten.

Kvifor velje fjordnorway.com?

Som ein del av eit etablert landsdelsselskap som fjordnorway har vi djup innsikt i kva reisande ser etter, og vi er alle lidenskapeleg opptekne av å løfte fram det beste av Vestlandet har å by på. Når du annonserer hos oss, blir verksemda di ein del av ei heilskapeleg reiseoppleving – frå overnatting og aktivitetar til lokalmat og kulturarv.

Korleis kjem du i gong?

Kontakt vår marknad- og kommunikasjonsansvarleg, Lillian Herland på e-post lillian@fjordkysten.no, og få ein uforpliktande samtale om kva annonsørpakkar som passar best for deg. Samla kan vi finne den perfekte løysinga for verksemda di.

Ikkje gå glipp av viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord!

Lyst til å alltid vere blant dei første som får vite om dei siste oppdateringane, spanande moglegheiter og viktige nyhender frå Visit FjordKysten og Sunnfjord? Vi har løysinga for deg!

Ved å slå på varslar for Facebook-gruppa vår og abonnere på vår WordPress-side, sikrar du at du aldri går glipp av informasjon som kan vere avgjerande for deg og di verksemd. Det er enkelt og raskt – her er korleis du gjer det:

Slik slår du på varslar på ei Facebook-gruppe:

  1. Gå til Facebook-gruppa Destinasjonsforum FjordKysten og Sunnfjord
  2. Klikk på «Varslar»-knappen som du finn under cover-bildet på gruppa.
  3. Vel «Alle innlegg» for å få varsel kvar gong vi deler noko nytt.

Abonner på vår WordPress-side:

  1. Besøk WordPress-sida vår https://visitfjordkysten.wordpress.com/
  2. Finn abonnementsboksen (nederst på sida eller i menyen).
  3. Skriv inn e-postadressa di og klikk på «Abonner».
  4. Du vil no få eit e-postvarsel kvar gong vi publiserer ein ny artikkel.

Ved å følgje desse enkle stega er du sikra å vere oppdatert på alt det spennande som skjer i regionen. Vi deler nyhender, arrangement, tips og mykje meir som kan inspirere og bidra til at du får mest mogleg ut av moglegheitene her.

Gå ikkje glipp av noko – bli med oss på reisa og hald deg informert i dag!

Sosiale media 2025 🤳🏼

Vi er i gong med å planlegge våre sosiale media innlegg for året 2025. Vår sosiale media-plattform skal nyttast til å skape reiselyst og engasjement for FjordKysten og Sunnfjord som reisemål, og for medlemane våre. Kunne du som er medlem hos oss tenkje deg eit samarbeidsinnlegg på facebook eller Instagram ber vi deg sende ein e-post til lillian@fjordkysten.no så planlegg vi innhaldet saman. Innlegget bør planlegges i god tid, ellers kan du risikere at vi allereie har innlegg planlagd den dagen du ynskjer.


Retningslinjer for våre sosiale medier

Facebook

Facebook er eit svært effektivt verktøy for reiselivsmarknadsføring, og vi ynskjer å nytte plattformen strategisk for å tiltrekke reisande, bygge fellesskap, dele inspirasjon, marknadsføre aktivitetar og styrke merkevaren. Plattformen gir moglegheiter for organisk vekst og betalt annonsering, og er ein god kanal for å tiltrekke reisande og engasjere eksisterande kundar. Ynskjer du at vi skal dele ditt innhald på Facebook anbefala vi å:

  • Dele oppdateringar om aktivitet, festival, arrangement, oppleving, overnatting, mat og drikke – og eventuelle spesielle tilbod som du måtte ha
  • Dele autentisk innhald som reflekterer bedrifta di
  • Reisetips og reiseanbefalinga
  • Gje bort reiseopplevinga og køyre i gong konkurransar

Vi kommuniserer i hovudsak på norsk, men vil som oftast legge inn både norsk og engelsk tekst i caption. Vi ber deg difor sende både norsk og engelsk tekst. Vi kan endre teksten for å tilpasse det vår tone of voice, men bodskapen vil vere det same.


Instagram

Instagram er eit kraftfullt verktøy for reiselivet, og vi skal bruke det strategisk for å inspirere, engasjere og tiltrekke oss reisande. For at vi skal dele ditt innhald på Instagram må det difor vere:

  • Høgoppløyselege, stemningsfulle bilete som vekker reiselyst. Vi ynskjer å prioritere autentiske og estetiske motiv som inspirerer følgjarane til å utforske og oppleve.
  • Reels i riktig format, sjå detaljert informasjon under
  • Tekst på engelsk. Vi kan endre teksten for å tilpasse det vår tone of voice, men bodskapen vil vere det same.

Bileteformat

  • Format: 4:5
  • Oppløysing: 1080 x 1350 px

Tips! Ein biletekarusell på Instagram lar deg publisere opptil 20 bilete eller videoar i éin post, der brukarar kan sveipe for å sjå meir. Dette formatet er svært nyttig då det gir moglegheit til å fortelje ei historie, vise ulike perspektiv og skape meir engasjement.

👉 PRO-TIPS!

  • Start med det mest iøynefallande bilete for å fange merksemd
  • Bruk ein raud tråd gjennom bileta slik at folk får lyst til å sveipe vidare
  • Legg inn ei sterk avslutning, gjerne med ein CTA (Call to Action) – for eksempel «kva bilete likte du best» eller «lagre dette tipset til seinare».

Biletekaruseller vil engasjere følgjarane og skape meirverdi for dei som drøymer om å besøke regionen 🚀

Videoformat Reels

  • Format: 9:16
  • Oppløysing 1080 x 1920 px
  • Lengd: 6-30 sekund
  • Tips: Bruk korte, dynamiske klipp, god musikk og tekst for betre engasjement

KVA GIR BEST VIDEO-KVALITET? 🎬

✔️Filmformat: MP4 eller MOV
✔️ Oppløysing: 1080 x 1920
✔️ Kodek: H.265
✔️ Biletefrekvens: 30 fps eller 25 fps
✔️ Eksport som MP4
✔️ Bitrate kan stå på auto
✔️ Hald filmen under 100 mb for ein enklare opplasting

Stories

  • Format: 9:16
  • Oppløysing: 1080 x 1920 px
  • Lengd: 15 sek per story-slide
  • Tips: Bruk interaktive elements (polls, spørsmål, lenker) for betre engasjement

Stories er perfekt om du ynskjer å dele plakatar med informasjon om eit arrangement, opningstider for bedrifta, etc.


FjordKysten og Sunnfjord som eit fellesskap 🤝

Vi jobbar mot å skape ein truverdig og inspirerande sosiale media plattform for reiselystne følgarar. Vi repostar ofte innhald frå våre medlemer og andre brukarar som lagar inspirerande og flott innhald, og oppmodar dykk til å tagge oss i innhaldet som de legg ut. Fint om de tagger oss i sjølve bilete og ikkje i caption. Vi ynskjer også å bygge ein sterk merkevare under hashtagen #goyourownway, og vil gjerne sjå innhaldet ditt der.

Du kan lese meir om kommunikasjonskonseptet vårt her

BerekraftsAkademiet: Kompetanse for vertskapet

Visit Fjordkysten og Sunnfjord er stolte over å delta i prosjektgruppa for BerekraftsAkademiet, eit nytt nasjonalt kurs- og kompetansebibliotek utvikla i samarbeid med 18 destinasjonar i Berekraftsnettverket. Dette er eit viktig steg for å styrke kompetansen til vertskapet og fremme berekraft i praksis.

Gjennom prosjektet testar vi ut Motimate, ei innovativ e-læringsplattform som gjer det enkelt å lage, dele og oppdatere kurs. Plattformen gjev destinasjonane moglegheita til å bruke eksisterande materiale og dele kurs mellom reisemål, noko som legg til rette for effektiv ressursbruk og samarbeid.

Kva inneber BerekraftsAkademiet?

BerekraftsAkademiet har som mål å:

  • Styrke lokal verdiskaping ved å engasjere vertskapet i berekraftige praksisar.
  • Bidra til å verne natur og kulturarv gjennom formidling av rettar, ansvar og kunnskap som naturvett og allemannsretten.
  • Skape minneverdige og ansvarlege opplevingar for både gjester og lokalsamfunn.

Akademiet inkluderer ei startpakke med tema som til dømes:

  • Korleis kan du som vert bidra til eit meir ansvarleg reiseliv?
  • Det nasjonale reiselivet – eksport og gode lokalsamfunn
  • «Berekraftig Reisemål» – kva er det?
  • Allemannsretten – rettar og ansvar
  • Naturvett
  • Norsk natur- og naturarv
  • Norsk kultur- og kulturarv
  • Det gode vertskap
  • Dyrevelferd og forvaltning av artar

Kursa er tilgjengelege i ein app, slik at vertskapet kan tileigne seg kunnskap når det passar i ein travel arbeidskvardag.

Vi ser fram til å vere med på denne spennande utviklinga og bidra til eit berekraftig, verdiskapande og minneverdig reiseliv – både lokalt og nasjonalt.

Vil du lære meir om BerekraftsAkademiet? Klikk HER

Vegkart for reiseliv 2025-2030

Besøksnæringa er viktig for regionen vår, og er av Regjeringa definert som ei strategisk vekstnæring. Det er mange endringar på gang av relevans for reiselivet, og ein nøkkelfaktor for å lukkast med ei framtidsretta reiselivssatsing er ein større grad av samarbeid og samhandling. Eit felles Vegkart har som ambisjon å sikre ei heilskapleg og langsiktig reisemålsutvikling.

Visit FjordKysten og Sunnfjord oppmodar medlemskommunane og reiselivsaktørane til å drøfte framlegget til Vegkart grundig, og komme med sine innspel og tilbakemeldingar innan 25. oktober 2024.

Alle kan avgje høyringssvar. Du kan avgje høyringssvar på vegne av deg sjølv, ei bedrift eller ein organisasjon. Vi ber deg og vurdere om det er behov for å leggje fram Vegkartet for andre som ikkje er nemnt i høyringslista.

Sosiale media rapport for januar – august 2024

Er du interessert i å sjå kor mange vi har nådd ut til i våre sosiale medier hittil i år? Då kan du lese rapporten under.

Har du nokre spennande tilbod du ønskjer vi skal dele i våre sosiale medier i haust og vinter? Send ein e-post til lillian@fjordkysten.no :)

Nyhetsbrev B2B: Time to experience something new

På fredag sendte vi ut nyhetsbrev til turoperatørar, med litt info om nye medlemmar og nye tilbod i destinasjonen. Legg til PDF av nyhetsbrevet her, designet blei ikkje optimalt på PDF og knappar osv er meir tydeleg markert i det ordinære nyhetsbrevet.

Statistikk

Per no ser statistikken for nyhetsbrevet slik ut. Vi jobbar kontinuerlig med å få opp ein større base av turoperatørar som er interessert i destinasjonen vår. Vi legg inn oppdateringar her i slutten av veka, når operatørane har fått betre tid til å sjå igjennom.

Mandag 4. august:

Har du noko du vil at vi skal inkludere i desse nyhetsbreva? Send ein epost til vanja@fjordkysten.no.

Vi nådde ut til ein halv million følgare på to dagar!

16-17. august hadde Visit FjordKysten og Sunnfjord instagram take-over på Visitnorway. Frå innlegga vart publisert på Instagram skaut dei verkeleg fart. Med bilete frå vår fantastiske region klarte vi å engasjere godt over 50.000 følgare, og vi nådde godt over ein halv million følgare!

Tala er henta ut torsdag 17. august. Tala vil difor stige for kvar dag.

Marknadsplan 2023

Marknadsplanen for 2023 er no ferdigstilt, de kan sjå den og laste den ned her. Vi har lagt til eit årshjul for medlemmane våre på siste side, slik at ein enklare kan følge med på kva som bør leverast inn til oss til ei kvar tid. Vi anbefaler våre medlem om å planlegge innhald og tiltak, for å få mest mogleg synlegheit og vere i forkant med riktig informasjon og innhald.