Første kampanje for 2025: «Go Your Own Way» – ein sterk start på sommaren!

Frå 14. april til 16. mai gjennomførte Visit FjordKysten og Sunnfjord årets første eigne kampanje – ei reiselystvekking retta mot det norske publikum. Kampanjen tok utgangspunkt i vårt kommunikasjonskonsept, der vi inviterer folk til å gå sin eigen veg – til stadar utanfor allfarveg, og oppleve natur og kultur i eit ekte og urørt Vestland.

Gjennom sterke visuelle uttrykk og målretta distribusjon på Meta-kanalane (Facebook og Instagram), har kampanjen treft godt i målgruppa og lagt eit viktig grunnlag for vidare marknadsføring inn mot sommaren.


Mål og målgruppe

Kampanjen hadde som hovudmål å få nordmenn til å vurdere Fjordkysten og Sunnfjord som reisemål for sommarferien. Samtidig ønska vi å hente inn innsiktsdata til bruk i ein oppfølgingskampanje (del 2). Produktfokuset låg på friluftsliv, parferie og familieferie, med innhald på norsk og i format tilpassa bilde- og videovisningar i sosiale medium.


Nøkkeltal frå kampanjen

Synlegheit og respons på Meta:

  • 407 656 annonsevisningar
  • 194 520 i rekkevidde
  • 33 421 klikk til landingssida
  • 0,45 kr per klikk – ein særs låg og effektiv kostnad

Webresultat:

  • 127 769 sidevisningar i kampanjeperioden
  • 37 498 aktive brukarar
  • 89,65 % engasjement
  • Gjennomsnittleg tid per økt: 2 minutt og 40 sekund

Kva innhald skapte mest trafikk?

Dei mest besøkte artiklane / sidene under kampanjeperioden var:

  1. Toppturar som tek pusten frå deg – 77 862 visningar
  2. Go your own way! – 21 142 visningar
  3. Frå hav til bre – Vestlandets skjulte perler – 8 581 visningar

Dette viser at både det konkrete turopplevingsinnhaldet og kampanjesida i seg sjølv traff godt og inspirerte til vidare utforsking av destinasjonen. Du kan lese heile kampanjerapporten her 👇


Del 2 av kampanjen vil byggje vidare på same kommunikasjonskonsept, med retargeting basert på engasjement frå denne runda – for å sikre endå høgare relevans og konvertering

*Vi har per dags dato ein kampanje med tema frå Hav til Bre med Anniken og Jostein ute i våre kanaler!